fredag 3. september 2010

Slik har me det!

Velkommen til ein heime hjå-reportasje frå Kamerun! Bileta er tatt av Jone og Amalie.
I huset vårt, som er kalka kvitt både på innsida og utsida, er det fire soverom, ei stove, eit bad, eit kjøkken, ei bod og ein veranda.





I hagen er det ein bukkaro, ein sandkasse og ca eit halvt mål med plen. Inntil nyleg var det også ein kobraslange i hagen, men den tok hageguten vår - Gilbert - livet av, etter at han (Gilbert) først vart biten i handa. Det enda med motgiftsinjeksjon på sjukehuset og to vekers sjukemelding. Men nå er Gilbert tilbake i jobb, og takk for det!



Me har også ein velbrukt garasje og ei sitjegruppe på framsida av huset. Den er god å ha når det kjem besøk - og me ikkje er heime. Då er det ikkje uvanleg at folk ventar både ein og to timar på benken i hagen før me kjem heim.


Bilen, ein Toyota Landcruiser 2000-modell, har kjørt ca 140 000 km på kamerunske vegar av diverse kvalitet. Det ber nok doningen litt preg av, ikkje minst luktmessig. Me kallar det brousse-lukt; ein odørmiks av raud jord, regntidslekkasje i bilen og fleire års oppsamling av støv. Ein og annan sveittedæsj av slitne sjåfør- og reiseryggar kan me vel også ana frå bilsetene...:-)
Til slutt kan nemnast svømmebassenget, som ikkje tilhøyrer "vår" konsesjon, men som berre ligg 20 meter frå huset vårt. 12,5 meter langt, og svalande godt når varmen tar tak.
Me lir altså inga naud på bu-fronten - om nokon skulle ha trudd det:-)
God helg!

PS! Denne "gjesten" har me også i huset vårt, nærare bestemt på rommet til Amalie...ein god myggjegar er alltid god å ha:-)

1 kommentar:

  1. kjekt å sjå korleis det har det. Flotte bilder. Men er glad eg slepp den gjesten Amalie har på sitt rom.... jhv

    SvarSlett