laurdag 25. september 2010

På fisketur i vulkanen...


Det er ikkje kvar dag ein kan seia å ha vore fisketur i vulkanen, men idag er det jammen santen ikkje langt unna. NMS disponerer eit enkelt, men flott feriehus ved kanten av Mballang-sjøen. Denne innsjøen har fylt igjen det som for svært lenge sidan var eit vulkankrater. Me (Harald Solås og Trond) hadde med oss jegaren og kjentmannen Roger på turen. Han kunne fortelja - med glimt i auget - at ingen nokon gong har kunna måla djupna av Mballang-sjøen. - Ein gong kom ein amerikanar her og hadde med seg 1000 meter med line. Men same kor langt han søkkte tauet nedi vatnet, så ville det ikkje ta botn, sa han. Om det er sant eller ikkje, aktar me å finna ut når skulen skal ha leirskuleopphald på Mballang i midten av november. Me får satsa på å ta med oss 1500 meter med sterk sen... Av fangstresultat kan nemnast at Harald fekk tre karper (to av dei var rett nok små, men likevel) og underteikna ingen. Men eg var god til å ro, og trur de ikkje me fekk start på påhengsen som var der ute også. Motoren var nok i betre stand enn båten, for då me kom til land var vassnivået innabords faretrugande høgt. Trur ikkje det blir båttur med elevane i den farkosten, nei...
God helg!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar