Avslutninga på årets ramadan (muslimane sin fastemånad) fell i år på 11. september. Dei siste vekene har me snakka med fleire muslimar som har slite seg gjennom varme dagar utan mat og drikke. Først når sola går ned, kan dei ta til seg noko næring. Då kan dei til gjengjeld ha etegilde til langt på natt - og heilt til sola står opp dagen etter. Men så er det på 'an igjen med ein ny faste-dag. På biletet ser me muslimar i Burkina-kvartalet under fredagsbøna. Me passerte tilfeldigvis forbi på bønetidspunktet, og fekk sjå eit mektig skue når fleire hundre menneske bøygde seg i takt mot Mekka. I Ngaoundéré er det ca 60 % muslimar og 30 % kristne. I det store og heile er det ein fredeleg sameksistens, også i den stadig veksande bydelen Burkina der det kanskje er halvt om halvt med kristne og muslimar. Id heiter den festen som markerer slutten på ramadan. Det er mest som julekvelden for kristne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar