laurdag 18. september 2010

Den største gleda ein kan ha...


...er å kjøra motorsykkel! (Her må det presiserast at det er far i huset som er forfattar, men begge sønene vil skriva under på det). Me har gått til innkjøp av ein TVS 125 ccm (truleg ein indisk modell, skrudd saman i Nigeria), den mest vanlege motorsykkelen her nede. Ein firtaktar med herleg lyd og passe fart. Slår kanskje ikkje ein BMW GSA ned i støvlane (eller kva, Harald??) men godt er det likevel å få litt luft under vengene . I går var far i huset ein kosetur bortover Ballangvegen. Sykkelen oppførte seg eksemplarisk på jordvegen, og me kom opp i ein fart av imponerande 55 km/t i oppoverbakke! Henrik likar å ta ei økt oppå tanken, men då inne på stasjonsområdet. Jone vil helst kjøra sjølv, men det skal me ikkje skriva noko om her på bloggen. God helg til alle!
Far & søner Hjorteland

3 kommentarer:

  1. Eia var vi der. Det sit ein her i sofaen som er temmeleg misunneleg på deg no Trond. Kjekt å sjå at dåke har funne dåke vel til rette. Helsin Linda

    SvarSlett
  2. Hei!
    Kjekt å se og lese om dere! du får nok ikke ha det kjøretøyet i fred for guttene,nei. Du er jammen flink til å sykle Henrik! Bjørn savnet Trond i Scanarittet, som gikk i kraftige regnbyger. ha det godt alle sammen! Hilsen naboene Helga og Bjørn

    SvarSlett
  3. Hei til Sveio og Tau! Kjekt å høyra frå dykk. Skal helsa til dykk frå vaktmeister Philip, Linda og Gustav. Han og kona ventar nå sitt første barn Philip har jo Meyer (10) frå før med Christophe, ho som døydde i tuberkulose. Når det gjeld Scanarittet, kjem eg sterkt tilbake hausten 2011. Me bur på 1200 meter over havet, det vil seia at heile dette året blir ei kontinuerleg høgdetrening:-) Det blir nokre springeturar utover i broussen, men elles lite sykling. Ikkje anna enn den motoriserte...
    Alt godt,
    Trond

    SvarSlett