torsdag 20. januar 2011

Kamerun i flammar


Flammar på vegen mellom Tcholliré og Benoué-nasjonalparken. Biletet er tatt søndag 9. januar.

Ja, dei siste par månadene har det verka slik. Det ulmar og brenn i mest kvar ein krik og krok for tida. Når me spør om kvifor, får me ymse svar. Nokre meiner at brenninga er naudsynt for å få opp nytt og friskt beitegras. Andre seier at brenninga opnar opp landskapet og gjer det lettare for kveg og folk å ta seg fram. Atter andre meiner det er på grunn av jakta, for å gjera jobben enklare for jegrane.


Ein ting er iallfall sikkert, brenning er definitivt ikkje ein ufarleg syssel. Kvart år høyrer me om mennske og heile landsbyar som blir tatt av flammane. Og det har undra oss meir enn ein gong korleis i all verda "brennarane" klarer å ha kontroll på flammane - nå som alt er tørrare enn tørt. Som regel går det trass alt godt, sjølv om det både kan sjå og lukta dramatisk ut når vinden tar tak i eldtungene og blandar røyken med tørketidsstøvet.

Eit anna fenomen som me også har sett i svartsvidde terrenget, er at det spirer i grønt berre dagar etter at flammane har herja. Det finst altså frø som toler ekstrem varme, ja, som ifølge naturfaglærar Harald Solås endåtil kan vera avhengig av ekstrem varme for å spira. Fascinerande er det iallfall å sjå noko irrgrønt i alt det svarte.

Her er nokre fleire bilete av "Kamerun i flammar":



Begge bileta over er frå vegen mellom Tcholliré og Benoué søndag 9. januar.



På fottur rundt Mballang-sjøen. Stiane lyser nærast oransje i det brente terrenget.


Ei heil branngate som klyv friskt i åssida. Stakkars den som måtte vera uheldig å brenna inne!

måndag 17. januar 2011

Måndag utan malaria


Malariamyggen er verdas farlegaste dyr og er årsak til ca 2 millionar dødsfall i året. Men det er kalde tider for malariaparsitten, som myggen er berar av, i Ngaoundéré nå om dagen.

Så var det på 'an igjen med ei ny veke. Måndagar i Ngaoundéré er nok som måndagar flest rundt om i verda; ein kvardag. For skuleungane handlar det om å "tuna" inn på matte, norsk, lekser og andre gilde skuleting. For dei minste blir det å finna tonen med passedamene og gjengen i barnehagen. For oss vaksne er det å kasta seg ut i allslags gjeremål med liv og lyst, om det er vaktoppstraming, ajamyiakalenderlevering, lekseplanar eller husmorskulerekneskap det gjeld. Og når storefri kjem for både store og små, med matbrekk og radl, er liksom veka i gang på skikkeleg.

Ein god nyhende er også vel verdt å ta med seg inn i den nye veka. Doktor Rune Slettbakk var innom skulen like etter matpausen og kunne rapportera at det i føremiddag ikkje var eit einaste barn innlagt på sjukehuset på grunn av malaria. Det er ikkje ofte at så er tilfelle. Årsaka er at malariaparasitten døyr når snittemperaturen går under 20 grader. Dei siste vekene har dei kalde nettene i Ngaoundéré altså ført noko positivt med seg; at talet på malariasmitta har gått ned.

Me får gleda oss over det så lenge me kan. Når varmen kjem att, blomstrar malariaen opp att - dessverre. Tenk om verdssamfunnet kunne ha funne ei løysing som tok knekken på denne parasitten! Kvart år tar han livet av ca 2 millionar menneske, mest halve folketalet i Norge. Lurer på om Vesten hadde akseptert eit slikt dødsomfang om det var der malarian herja???

laurdag 15. januar 2011

God helg frå Ngaoundéré!

Ngaoundéré betyr "navlefjellet". Her er me på toppen av navlefjellet under i ein skuletur i haust.

Då står laurdagsgrauten på kok. To liter med melk (melkepulver av merket Niido som er blanda ut i vatn), 9 dl vatn og 5 dl ris skulle halda til oss fem. "Overskotet" skal Henrik ha med seg i barnehagen i neste veke; "for eg har så lyst å ha grautfest der", seier han.

Utanfor det eine kjøkkenglaset ser eg opp på skulen der mest alle dei norske ungane er samla. Dei er i ferd med å avslutta bibliotekleiren sin. I går ettermiddag rigga dei seg til med feltsenger, myggnett, spel og hobbyting mellom bøker og blader. Ut på kvelden høyrte me latteren runga utanfor novene, akkompagnert av frydefylle hyl. Det viste seg at dei hadde ein lek som dei kalla "Ta flagget", medan somme av oss foreldre trudde dei hadde sett eller blitt bitne av slangar. I dag har dei hatt ein lang og god frukost på skulekjøkkenet som ligg i same romløysing som biblioteket. Jofrid har vore oppe og hatt ein andakt for gjengen, og nå blir bibliotekleiren avslutta med ringleikar av ymse slag. Eit flott initiativ som elevrådet står bak!

Utanfor det andre kjøkkenglaset står motorsykkelen klar for tur til vulkansjøen på Mballang. Eg har lasta han opp med tre campingstolar som me lånte med oss til Kribi, og som nå skal tilbake til huset på Mballang. Harald Solås blir også med på sin motorsykkel. Me tar med oss nokre liter bensin for å fylla på båtmotoren der ute. Berre ein liten ettermiddagstur; me planlegg å vera tilbake før mørkret kjem som eit knips i seks-halv sju-tida.

Elles har me (uvanleg nok) ingen andre store planar for helga. I morgon fer me på gudsteneste i sjukehuskapellet som vanleg. Så får me sjå kva kva resten av helga vil bringa.

God helg til alle!

Helsing oss v/Trond

Landskapsbilete tatt av Harald Solås. Typisk tørketidslys om ettermiddagen.

torsdag 13. januar 2011

15 elefantar drepne av snikskyttarar


Elefant fotografert i Boubandjida om morgonen laurdag 8. januar på ca 100 meters hald.

Det viser den dystre årsrapporten for 2010 som nasjonalparkvesenet for Nord-Kamerun nyleg la fram i Garoua. Avisa L'oeil du Sahel skriv at snikskytteriet er og blir ein alvorleg trussel mot artsmangfaldet i denne delen av Kamerun. Særleg er det støttennene til elefantane (elfenbeinet) som er ettertrakta.

Dei 15 verna elefantane som urettmessig måtte bøta livet i fjor, blei alle skotne i samband med to raid som tungt bevæpna snikskyttarane gjorde i nasjonalparken Boubandjida mellom 13. og 25. februar. To lokale vakter blei drepne under raida. Snikskyttarane kryssa grensa frå Tsjad på hesteryggen. Raskt fjerna dei elfenbeinet og lét kadavra liggja att, før bandittane forsvann inn i broussen på Tsjad-sida av grensa.

Dessverre er nok desse 15 elefantane berre toppen av isfjellet når det gjeld snikskyting av elefantar i Nord-Kamerun. Rett nok gjennomførte WWF ei teljing frå lufta våren 2008 og kom fram til at denne delen av Kamerun har ca 525 elefantar. Men stifinnarar og andre me snakka med i Boubandjida då me var der, meiner at det skjer ei større snikfelling enn det styresmaktene offisielt opererer med.

Samstundes var dei lokale stifinnarane optimistar, sidan det ikkje har vore ulovleg felling av elefantar på nær eitt år - iallfall ikkje så langt som dei kjende til. Det er derfor å håpa at det langsiktige forvaltningsarbeidet som Boubandjida-campementet gjer i samarbeid med landsbyane i området, vil resultera i færre snikfellingar i åra som kjem.

onsdag 12. januar 2011

På sporet av dinosaurar

Eit mindre dinosaureksemplar må ha gått her. Ikkje akkurat nokon Tyrannusaurus Rex til høgre heller.

Eller rettare sagt: eller i spora til dinosaurar

For ca 115 millionar år sidan traska det nokre dinausaurar i Koum-området, som ligg utanfor nasjonalparken Boubandjida opp mot grensa til Tsjad. Her sette dei sine små og store spor i det som den gongen må ha vore eit mjukt, leireaktig underlag. I dag er dette blitt til harde skiferplater på breidda av elva som renn forbi landsbyen Managna. Skiferplatene kjem til syne i tørketida, det same gjer fotefara etter desse forhistoriske skapningane.

Dinosaurspora skal ha blitt oppdaga av forskarar midt på 1980-talet (dei lokale har visst om spora i uminnelege tider), men er framleis ein godt bevart løyndom for dei aller, aller fleste. Hadde desse spora blitt oppdaga i Norge eller Vesten, ville dei ha komme på verdsarvlista, meiner somme. I regntida stig elvevatnet og renn over skiferplatene. Spora blir derfor slitne ned litt etter litt, og hadde dei blitt funne i Norge, ville dei nok ha blitt inngjerda og elvevatnet leia utanom.

Fascinerande var det iallfall å gå i fotefara til desse myteomspunne skapningane. Dinosaur kjem frå gresk og betyr "frykteleg øgle". Dei levde mellom 230 og 65 millionar år før vår tid, og det er blitt spekulert i om at dei blei utrydda som følge av eit meteornedslag som formørka kloden.

Om lag same storleik på føtene, ca 44-45.

Tenk det, for ca 115 millionar år sidan var det ein dinosaur som sette akkurat dette fotemerket.

Eit stort skiferområde med flere titals dinosaurspor. Elva til høgre.

Doktor Slettbakk trossa shistosomfaren for å få med seg spora. Me andre følgde sjølvsagt hans eksempel! Shistosomar er ein makkatype som likar seg i stillegåande ferskvatn i tropiske strok. Dei kan vera berarar av den frykta parasittsjukdommen bilharzia eller sneglesjuka. PS! Me gjekk i rennande vatn.

søndag 9. januar 2011

Nærkontakt med løver

Kongen. Observert på ca 80 meters hald i går, laurdag. Han var saman med to andre løvinner
og nokre løveungar (ukjent antal).

Denne helga har eg (Trond) funne ut at Kongeparken med stor K ikkje ligg på Ålgård, men i nasjonalparken Boubandjida i Kamerun. Det er rett og slett heilt konge der! Ikkje berre fordi me fekk sjå til saman ca ti løver over to dagar, men også fordi campementet innbyr til ei total nær-naturen-oppleving der det ligg like ovanom elva. På elvebredden gaper krokodillane og myser etter kapteinfiskane som går i stim i vatnet. Like bortom kjem gjerne ein buskantilope ned for å drikka, og endå lenger borte er det ein bavian som må slukka tørsten.

Men den største opplevinga var definitivt å få sjå forrektige løver for aller første gong. Me var altså så heldige at me fekk sjansen til å oppleva to ulike løvegrupper over to dagar. Begge gonger var me i synskontakt med løvene over fleire minutt - 40 til 150 meter frå. Første dagen fekk med attpåtil eit par saftige brøl med på kjøpet. Det var heftige saker! Boubandjida baud denne helga også på elefantar, sjakalar, bavianar, hornbill, eit utal av antilope-variantar og ein civett som kom ruslande i tussmørket like nedom campementet. Dette skjedde begge kveldane me var der.

Er det nokon som ønskjer ei heilt rå naturoppleving, utan dei strigla safarikaravanene som ein finn i Aust- og Sør-Afrika, er Boubandjida eit soleklart alternativ. Reine Kongeparken, rett og slett!
Søndag morgon. Er det mat ho ser på?

Laurdag føremiddag. I firsprang bort til løveungane.

Laurdag føremiddag. Løvinna er på ein kant som ligg ovom elva i bakgrunnen.

Søndag morgon. Me har nett sett løvene, og dei har nett sett oss. Tre av de er på veg ut or vegen, medan ei står att og ser ut som ho held vakt.

Dette er den eigentlege Kongeparken.

onsdag 5. januar 2011

2,5 millionar meter lang julefeiring

2 476 kilometer blei tilbakelagt i ein Mitsubishi Pajero denne jula - på ymse slag vegar.

Det var verdt det. Sjølv midt i dei siste humpete og svingete mila inn mot Ngaoundéré, var me samde om det. Ein lang tur, ja. Men det var verdt det!

2476 kilometer rulla me denne romjula - tur-retur Ngaoundéré-Kribi. Me kunne ha funne hundre, men her har de tre gode grunnar kvifor det var verdt det:

1) Fordi me ville kjenna 30 graders atlantisk sjøvatn mot våre støvtørka og innlandsskrottar.

2) Fordi me ville ha eit gjensyn med Stella Maris, det katolske gjestehuset på Kribi kor me har vore fleire gonger før, og der me på beste vis blir ivaretatt av Mama Félicite og assistentane hennar.

3) Fordi me ville treffa igjen Jean Pascal som har jobba for oss i fire år, og som nå har starta eigen butikk på Kribi, og som etter kamerunsk skikk nærast må reknast som vårt sjette familiemedlem.

Når me nå startar opp på vårsemesteret, er det med solglød i skinnet, rekesmak i munnen og håvene fulle av minne frå gode stranddagar ved kysten.

Årets familiefortsett er derfor følgjande; me skal tilbake til Kribi før 2011 er omme, om så det må skje med tohjulsyklar og andre tohjulte doningar.

Her er nokre bilete:
Henrik sitt første møte med Kribi.

På veg opp Lobe-elva for å sjå etter apekattar. Såg ikkje andre enn
dei det var spegelbilete av i vassflata...

Sjekkar teinene for reker og kreps.
Garnbøting må til her som andre stader. Og nei, det er ikkje eit spyd, men ei padleåre.

Fireogtjue kråker sat på...

...og ei fekk ikkje plass. Okei då; ikkje var det kråker, og plass nok var det til alle,
både med og utan fjørdrakta intakt.

Nyttårsfeiring på Stella Maris. Hyggeleg lag med bømlofamilien Fauskanger Pedersen, Hald-studentane Øystein og Brit og Jean Pascal. 

Me gjekk til Kribi sentrum - strandvegen - første nyttårsdag. Ein tur på seks kilometer. Jone og mamma gjekk attpåtil tilbake også - altså 12 km til saman!

Sandslottkongen Henrik den første skuar utover riket sitt.

Ikkje ganske alle vegprosjekt blir fullførte i Kamerun. Som denne brua i hovudstaden Yaoundé. I lause lufta endar ho sin ferd. Under er butikkane i ferd med å installera seg. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.

Vegskilje - mellom raud jordveg og kvit grusveg. Like støvete begge parti.

Vegen mellom Ngaoundéré og Meiganga er nå i ferd med å rustast opp. Snart er dei fem første mila mellom Meiganga og Nyambaka asfaltert. Håpar pengane og asfalten held til alle 15 mila!

Jean Pascal driv sin eigen butikk der han sel dei amerikanske naturprodukta NG4L (Nature's Gift For Life). Han har nå etablert eit distribusjonsnett på over 20 seljarar som er spreidde rundt omkring på Kribi.

Jean Pascal leiger lokale midt i sentrum av Kribi. Sjå etter ei gul dør om de er i traktene:-)

Sandslottkongen synest også det er heilt konge i vatnet.