fredag 27. januar 2012

Siste sprell på bloggen

Kånå har fått trommene og krukkene velberga heim.
Og trekassane har materiale nok både til eit skap og ei dør.

Det er på høg tid å leggja ned Kamerun-bloggen vår, over eit halvt år etter heimkomst...

Men kossen gjer me det, reint teknisk? Må me sletta alt som me har lagt ut? Eller ligg det der til "evig tid"? Svar mottas med takk!

I skrivande stund er det kald vinter ute. 3 plussgrader, rett nok, men ein bitande kald vind som tidvis får både ferjer og helikopter til å halda seg i ro. Litt kontrast til Kribi kor me hadde våre siste Kamerun-dagar i juni.

Men i påska er det på 'an igjen. For Trond iallefall. Då skal han ein snartur innom Kamerun saman med ei reisegruppe frå Ravinala Reiser. Er du interessert i å bli med, er det framleis eit par plassar att! Bare klikk på desse linjene, så kjem til inn på sida med reiseinformasjon.

I mellomtida fyllest dagane med konfirmasjonsførebuingar for Amalie (bl a fotball-cup på Forsand i natt), PS3-speling og KRIK for Jone og Lego for Henrik. Me vaksne styrer på så godt me kan i barnevernet og på kyrkjekontoret. Og dersom ryggen tillet det, blir det ein aldri så liten halvmaraton på maen saman med broder Kjartan og nevø Øystein på Sola.

Med dette er Kamerun-bloggen anno 2010-2011 (og litt 2012...) erklært nedlagt. Takk for følgjet, og velkommen igjen! (For me trur vel kanskje at dette ikkje er siste kamerunbloggen vår...:-)

1 kommentar:

  1. Spør Marte Hovda. Hun skrev på bloggen sin at hun hadde bestilt bok av hele bloggen.

    SvarSlett