onsdag 9. februar 2011

Kamera-tjuv tatt på fersken




Det første kameratjuven gjer, er å ta eit vakkert sjølvportrett.

Like etter klokka halv ett idag forsvann vårt kompaktkamera av merket Canon Ixus 860 IS frå hus nummer 16, Camp Norvégien, Ngaoundéré, Kamerun.

Tjuven var tydeleg godt kjent i huset, for han nytta høvet til å dokumentera - med kameraet - viktige ting som finst i heimen vår, som f eks...eh...bosspannet.

Den langfingra knipsaren blei seinare observert oppe ved fotballbanen, før han - beviseleg - tok turen heilt opp til hus nr 10 (familien Solås).

Gjerningsmannen, viss me kan kalla han det, blei etterkvart svolten og la korta - og kameraet - på middagsbordet presis klokka 13.

Kameraet overlevde "raidet" - i tillegg til at me sit igjen med ca 200 "blinkskot" frå hendingsforløpet.

Her er eit selektivt utval av bevismaterialet - eit slags "Mitt Kamerun - according to Henrik":


Husmor Esther sett bakfrå.


...og forfra.

Ei sengeliggjande og malariasjuk mor.


Termos, vassfilter, mjøltønne med meir.


Oppvasksåpe av godt synleg merke.

Klesvask til tørk.

Gartnar Gilbert med rive, støvmaske og bygningshjelm.


Køysenga til Jone og Henrik med nytt og impregnert myggnett.

Eh...bosspan


To viktige ting i kameratjuven sitt liv; spidermandrakta og bygningshjelmen.

Helikopter og ein ryggvendt Tigergut.

Storebror på veg heim frå skulen.

Singel.


Lærar Ragnhild på veg heim etter skuleslutt.

Mme og mlle Tomren observerte medan dei kryssar fotballbanen.

Eit mål. Fotballmål.

Ei rot, mulegens av mangotre.

Gjerningsmannen - godt nøgd med dagens fangst.

4 kommentarer:

  1. Jeg synes fotografen greide seg rimelig godt - muligens de beste bildene ble plukket ut, men det var da ikke så ille... :)
    Godt noen mysterier blir oppklart!
    Olaug

    SvarSlett
  2. Legg opp til heilaften, med innlagt pause, for å vise resten av bileta. Bl.a er Sunlight-flaska foreviga i ca 40 forskjellige variantar, dei fleste forfra...:-)
    Kameraeigarane

    SvarSlett
  3. Den skal tidleg krøkast som god krok (eller journalist) skal bli. Dette var bra arbeid!

    SvarSlett
  4. Må bare få lov til å forsvare kameratjuven litt. Han var ikke helt oppe hos familien Solås i nr.10. Han tok bildet av beboeren i nr.10 utenfor barnehagen, før han forsvant i en annen retning enn nr.10.
    Hilsen lærer Ragnhild som er avbildet på ett av bevisene.

    SvarSlett