tysdag 22. februar 2011

Herrenes detektivbyrå og kyllingfarmen - siste del


Her, bak døra midt i bildet, enda på mange måtar ein lang dags ferd mot "løysing" på kyllingmysteriet. Her var det muleg å få tak i 100 kyllingar - til marknadspris! - litt av ein "deal"! 

Herrenes detektivbyrå har nå avslutta si første forrektige sak, viss ein ser bort frå kameratjuven som - det må vel innrømmast - nærast avslørte seg sjølv.

Kyllingmysteriet har vore vanskelegare å komma til botnar i, om lag som å finna botn i Mballang-sjøen, men etter tysdagens etterforskingsraid har me nok aldri vore nærare.

Bakgrunn: Ungdommane i Marza-menigheten, i den vestlege delen av Ngaoundéré, blei kontakta av ein idérik ungdomsleiar som meinte at kyllingoppdrett var framtida. Ved å kjøpa småkyllingar til om lag ti kroner stykke, og selja dei tre månader seinare, ville dei tena gode pengar til inntekt for arbeidet sitt.

Dei sette i gong med friskt mot. Tomt til å setja opp hønsahus fekk dei hjå foreldrene til ein av ungdommane (Sara) i Marza-menigheten. Idémakaren (ungdomsleiaren) tok på seg å samla inn pengar, blant anna fekk han nokre summar av dei norske misjonærane - familien Hjorteland inkludert.

For å gjera ei lang historie kort: Pengane blei i liten grad materialisert i kyllingar. Det som skulle ha vore kapital nok til 250 kyllingar, fôrbrett, drikkerenner og mat - heldt berre til 65 kyllingar (kor av 60 har daua) og ein sekk med skikkeleg fôr. Ungdommane i Marza følte seg lurte, noko dei sjølvsagt hadde grunn til å vera.

Kor resten av pengane har tatt vegen, er det berre Vårherre og den kreative ungdomsleiaren som veit. Han er nå blitt sparka frå vervet i ungdomsrørsla, i tillegg til at han har blitt stilt til veggs av Marza-ungdommane på fleire møte. Men pengane er ikkje komme til rette.

Det siste av desse møta var nå på laurdag, med Herrenes detektivbyrå representert med de herrer Solås og Hjorteland. På dette møtet hevda ex-ungdomsleiaren at jo, det fanst kyllingar, ca 100 stykke, som han ikkje hadde klart å gjera opp for hjå seljaren. Ok, tenkte byråmedlemmene, lat oss nå sjå om han snakkar sant denne gongen, for å gi han ein siste sjanse.

Idag drog me saman med han og Sara (ein av Marza-ungdommane) for å finna desse 100 kyllingane. Sanneleg min hatt, kyllingane var der, inni hønsehuset til ein profesjonell oppdrettar som held til nær foten av Navlefjellet. Feite og fine såg dei også ut til å vera Men sjølvsagt var det ei hake - eller eit nebb - ved affæren; for å få ut kyllingane måtte ungdommane betale så godt som marknadspris (ca 35 kroner per kylling). Og det hadde dei sjølvsagt ikkje pengar til.

Slik enda altså denne saka. Men det som er gledeleg er at Marza-ungdommane ikkje har gitt opp. Dei går på med ny frisk, eigne pengar og skal i tillegg dyrka mais og soya til eigeprodusert kyllingfôr. Dessutan: Hønsehuset står der - og den dyrkjøpte lærdommen etter fem månader med stell av ein raskt utdøyande kyllingflokk (som var eit sopihop av verpehøns, kjøthøns og hanar - derav svinnet)  - gjer at dei står betre rusta nå enn då.

Midt oppi skuffelsen over ungdomsleiaren som lurte dei, kom dei likevel med ein blomst til same karen:

- Hadde ikkje du komme med denne ideen om å starta kyllingoppdrett, ville me aldri ha tenkt tanken. Du har iallfall fått fart på oss!

Herrenes detektivbyrå håpar at denne farten om ikkje lenge blir transformert til klingande kakling!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar