måndag 7. februar 2011

Den nye verdsborgaren


Godt med ein skikkeleg ulldrakt for å halda varmen ute!

Slik ser han altså ut, sonen til Phillip og Emilienne, som kom til verda for ei veke sidan. Idag, måndag 7. februar, blei mor og barn utskrivne frå sjukehuset og drog heim til huset i Burkina.

3450 gram var fødselsvekta, altså ein god plugg etter kamerunske forhold. Søndag føremiddag, då Jone, Amalie og Trond var oppom sjukehuset, låg den nye verdsborgaren og sov så trygt i ein flott, rosa og kvit spøtadrakt. Ikkje såg han til å bry seg nemneverdig om at temperaturen var over 30 grader - kanskje ulla hindra varmen å trenga inn?

Ei stolt mor kan fortelja at guten har starta å dia. Måndag fekk dei komma heim til seg sjølve i Burkina.

Kva namn barnet skal ha, er i skrivande stund ikkje heilt klart. Faren vil helst ha eit tradisjonelt namn frå sambastammen, medan mora held ein knapp på Samuel. Namnediskusjonar er med andre ord eit nokså allment fenomen, om det er i eit byggefelt i Ryfylke eller på fødeavdelinga i Kamerun.

2 kommentarer:

  1. Hei

    Det er flott å følge bloggen deres og mimre tilbake til Kamerun. Dere må hilse så mye til Phillip og madame og gratulere med den nye verdensborgeren. Det var gøy å høre at de endelig fikk en liten gutt!!

    Stine

    SvarSlett
  2. Hei Stine! Phillip takkar for gratulasjonen og helsar tilbake. Alt står bra til med mor og barn. Det er mange som hugsar på dykk her, så neste gong må de bli med Jan Erik:-)
    Trond

    SvarSlett