søndag 13. februar 2011

Mange slags fiskelykke


13 kilo kapteinfisk på kjøkkenbenken - pluss nokre floger...Foto: Henrik.

Det er ikkje kvar dag me veltar ein 13 kilo stor kapteinfisk inn på kjøkkenbenken, men idag var det faktisk det som skjedde. Vår eminente "fournisseur" (forsynar) av sesamkjeks og fersk fisk, Esther, kom innom i morgontimane søndag med ein tung sekk full av godsaker frå Tibati-sjøen - ein innsjø i nærleiken av Meng.

Henrik var aldri i tvil om kva for ein av fiskane han ville ha; den største. Då blir det gjerne slik. Namnet Henrik betyr for øvrig "heimens herskar", og vår Henrik gjer sanneleg ikkje skam på namnet :-) Fisken måtte sjølvsagt forevigast, noko Herskaren tok seg elegant av. Han har jo litt trening i denslags etter sist vekes eskapade.

I det heile blei det ein kjekk og minnerik søndags morgon. Trond hadde ikkje før komme seg på gudsteneste i sjukehuskapellet, før Jean Claude Hamadjam ringde og ville komme oppom. Dermed blei det utvida frukost i staden for fulanigudsteneste - og det skal me i grunnen ikkje klaga over.

Jean Claude var på veg heim til Garoua frå Ghana der han har leia eit kyrkjeleg møte om førebygging av aids. Han er generalsekretær i Lutheran Churches of Western Africa (LUCWA), ein organisasjon som koordinerer ulike aktivitetar som dei lutherske kyrkjene i Vest-Afrika har. Nokre av dykk hugsar sikkert Jean Claude frå besøket i Norge sommaren 2005, der me blant anna feira St. Hans i Liå.

Kjekt var det at han hadde tid å stikka innom, og me håpar at me får sjanse å møta han og familien att i vinterferien.

Ønskjer alle ei fin veke - helsing oss fem!


Fiskelykke på morsdagen; Esther og Jofrid med 13 kilo kapteinfisk "på kroken".

Uventa og kjekt besøk på morgonkvisten; Jean Claude på gjennomreise frå Ghana til Garoua. Og han nytta sjølvsagt høvet til å få med seg ein velsmakande pizza frå Soulange - til stor glede for ungane Kevin og Xaviera heime i Garoua.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar