Dagens slangefangst, ein kobraunga på ca 35 centimeter, blei gjort under nokre sandsekker utanfor garasjen vår.
Hagemann Gilbert og vaktmeister Phillip hadde ikkje tatt livet av slangen då dei gav oss andre på skulen beskjed om krypdyret som gøymde seg. Så det var ei spent forsamling med både vaksne og ungar som såg på då Gilbert og Phillip velta vekk sekkene.
Men der var ingen slange. Det viste seg etterkvart at kobraen hadde krype inn i ei sprekk mellom bakken og garsjeveggen. Eit par spadestikk var nok til å avdekka utysket, ein operasjon som også gav slangen eit kraftig kutt om lag midt på skrotten.
I løpet av dei tre-fire siste vekene er det funne fem slangeungar (tre kobra, ein vipère (hoggorm) og ein av ukjent art) like rundt huset vårt. Ikkje særleg festleg, og hagemann Gilbert er overtydd om at det finst ein svær kobra berre 60-70 meter vekke, i noko buskas ovanom byggsenteret til kyrkja.
Og han (biletet) veit å vera forsiktig, biten av ein liten kobra som han blei i fjor haust. Me skal halda dykk fortløpande oppdatert om utviklinga i slangejakta, i det som etterkvart fortonar seg som "the neverending story"...
onsdag 25. mai 2011
tysdag 24. mai 2011
Første skritt heimover
Henrik og Elise er forvitne på kva som er inni kontaineren. Jone er fotograf.
Det føltes på mange måtar som det første steget på heimveg. I dag pakka me inn to svære trekassar - og ein mindre - inn i kontaineren som skal til Norge. Viss alt går bra og vêr og regntidsvegane er i godlune, reknar me med å få storbagasjen vår heim i juli-august ein gong.
Sjølv om det ikkje er så mykje me tar med oss heim til Norge denne gong, blei det tross alt nokre kilo. Berre trekassane i raudt, tjukt tre vog sikkert 80-100 kilo kvar. Og med 70-80 kilo med kaffi, såpe, krukker, krakkar og andre suvernirer blei det mange tunge løft. Ikkje på oss, først og fremst, men mest på fire av vaktene som påtok seg den grøfste løftejobben.
Etterpå vanka det brus og litt norsk Kvikk Lunsj på dei fire "portørane" under mangotreet på skulen. Og nokre velfortente slantar for vel gjennomført arbeid. I skrivande stund blir kontainaren forsegla og tollaren har sagt sitt. Første skritt heimover er tatt, om ganske nøyaktig ein månad følgjer "folket" etter.
Om eit par månadar kan kontainaren opnast igjen, vonaleg med alt godset inntakt. Sist gong (i 2003) fekk me jamvel eit par levande kakerlakkar med på kjøpet...
måndag 23. mai 2011
Gjesp...endå ein slange
Ein ganske forrektige vipère!
Sidan sist slangenytt på denne bloggen har me hatt besøk av to nye snikar. Måndag føremiddag kom hagemann Gilbert med sitt siste "trofé", ein såkalla vipère - på norsk vil me nok kalla det ein hoggorm. Antakeleg er den om lag like giftig også, altså ikkje av den farlegaste sorten.
Slangen blei oppdaga like bak garasjen vår, om lag der Trond går inn for å henta motorsykkelen sin... Gilbert har etterkvart utvikla ein veldig effektiv nakkeslagteknikk som slangane ikkje kan forsvara seg mot. Heller ikkje denne vipèren, om den er aldri så hoggklar.
Uansett; i dag blei matteøkta omgjort til eit nytt djupdykk i slangegap og muskelspasmer. Men det har ikkje same nyheitas interesse som før, nei, Gjesp...nei, det har ikkje det.
Men ekkelt er det iallfall!
Slik såg undersida av slangen ut; armen tilhøyrer Harald Solås:
onsdag 18. mai 2011
Skuleavisa SANNU er klar!
Heile elevredaksjonen samla i ein sandkasse! Foto: lærar Harald.
Årets eksklusive utgåve av skuleavisa SANNU er nå klar!
Eksklusiv, fordi:
- ho er den einaste avisa som bringer nytt på norsk frå Kamerun
- det er dei ni elevane dette skuleåret som har laga det meste (vore knallflinke!)
- det er den 30. (og truleg siste) årgangen av avisa
- det er mykje knask og godt lesestoff å finna
Send ein e-post til dnskamerun@gmail.com, så får du pdf-utgåva tilsendt heilt GRATIS!
Men me vil gjerne at du samstundes sender eit valfritt beløp til Døveskulen, prosjektet som DNS Kamerun støttar dette året. Det kan du gjera ved å senda
f eks 100 kr (eller meir...:-) til kontonummer 8220 02 85030 og merk innbetalinga med 621 498.
God lesing!
PS! SANNU betyr forresten hei på språket fulani.
måndag 9. mai 2011
Då Henrik mista si første tann
Dette var dagen då Henrik mista si første tann. Han hadde gått og lirka på ho lenge, men tanna ville liksom ikkje heilt sleppa taket i gommen nede mellom dei andre, kvite fine melketennene.
Men i går skjedde det som jo før eller seinare måtte skje. Henrik tok sin vanlege lause-tann-visning til mamma Jofrid for å syna dagens lealaus-status etter dei siste timars matinntak og tyggevirksomhet.
Mammen konstaterte at tyggereiskapen hang i ein rimeleg tynn tråd og føreslo for poden å vri tanna litt fram og tilbake. Etter berre eit par forsiktige grep med tommel og peikefinger forlot herligheten sin tilmålte plass (og tid) i Hans Majestet Henrik sin eminente tanngarde.
Stolt som ein hane, og med laustanna i hand, gjekk Henrik frå familiemedlem til familiemedlem for å proklamera denne store gleda. Og for dei som våga å sjå litt blod, opna han jamvel gapet for å visa fram åstaden som tanna nett hadde forlatt.
Då natta kom og Henrik fall i svevn, smaug tannfeen seg ned gjennom pipa og la 20 norske kroner i vannglaset der tanna låg.
Om det var utsiktene til meir klingande mynt i kassen som gjorde det, er ikkje godt å vita, men Henrik påstod i dag at nabotanna også var blitt laus. Ein ting er iallfall sikkert; me har fått ein stor gut, med eit - om muleg - endå meir sjarmerande smil!
søndag 8. mai 2011
Håpets fotballag (nei, det er ikkje Viking)
Espoir, i mørkeblått og gult, i kamp mot Meiganga på stadion i Ngaoundéré.
For Håpets fotballag, det er Espoir Football Club de Ngaoundéré, forkorta Espoir (håp).
For ti år sidan starta fotballentusiast Simo Christian fotballklubben Espoir. Målet var å gi barn og unge ei trygg og lærerik ramme for å dyrka sin lidenskap; fotball. Og ikkje minst; å skaffa utstyr og banar der dei kan utvikla seg som fotballspelarar.
Med ukueleg optimisme, enorm fotballglede og ein stå-på-vilje som enkelte sørvestlandske eliteserielag i Norge kunne hatt noko å læra av, har Simo lukkast med målet sitt. Ikkje berre har klubben aldersbestemte lag frå 10 år og oppover, dei siste to åra har Espoir også stabla på beina eit slagkraftig A-lag.
Dette laget ligg nå an til å spela play off (kvalifisering) til det nest øvste nivået i Kamerun, som tilsvarer Adeccoligaen i Norge. Me var nyleg til stades på ein seriekamp her i Ngaoundéré kor Espoir knuste laget frå Meiganga 8-0! Og på dei tre kampane Espoir har spela mot eliteserielaget til Ngaoundéré, er det blitt ein seier, ein uavgjort og eitt tap. Nivået er altså bra.
Om det blir opprykk i år eller ikkje, er ikkje Simo så veldig bekymra over. - Når den dagen kjem at me skal rykka opp, då rykkjer me opp! seier han om den saka. Det viktigaste for han er å utvida tilbodet for barn og unge, så vil A-laget bli betre som ein følgje av det. Rekrutteringsgrunnlaget er det ikkje noko å seia på!
Espoir har også vunne turneringar i Yaoundé med to av dei aldersbestemte laga sine. Og nyleg blei klubben kontakta av det beste laget i Kamerun, CotonSport i Garoua, med spørsmål om dei kunne tenkja seg å ha ein spelar (spiss) på lån, slik at han kunne få speletid på eit godt lag. CotonSport spela finale i den afrikanske Meisterligaen for eit par år sidan, og det er jo stas for Espoir å ha ein slik partnar.
Me har to grunnar til at me vil nemna Simo og Håpets fotballag her på bloggen. Den første er at me gjerne vil fortelja om ein av dei mange her i Kamerun som står på og gjer ein formidabel ueigennyttig innsats for andre. Ofte handlar historier frå Afrika om elende og folk si tiltaksløyse. Det finst også, men jammen finst det mange eldsjeler som Simo!
For det andre har me lyst å utfordra dei av dykk som er med i idrettslag og fotballklubbar, og som har brukte draktar, fotballsko og ballar de kunne tenkja dykk å senda til Espoir, om å ta kontakt. Behovet for slikt utstyr er stort. Mange av ungane som er med, kjem frå fattige familiar som ikkje har råd til bl a skikkelege fotballsko.
Så viss de har lyst å ha ein aksje eller to i Håpets fotballag, er det bare å hiva seg rundt!
Ikkje lett å vera forsvarsspelar på grusbane!
Pause. Espoir-trenaren går gjennom strategien for andre omgang.
Kamp om ballen framfor hovudtribunen. Ansikta til Rune Slettbakk og Harald Solås kan skimtast om lag midt på biletet. Rett bak sit Simo Christian - dessverre det einaste biletet me har av han.
Spelar nr 7 kom rett frå mesterligafinalist CotonSport i Garoua på utlån til Espoir før Meiganga-kampen.
Fecafoot (det kamerunske fotballforbundet) satsar bevisst på å få fram kvinnelege dommarar. I kampen mot Meiganga var det ein kvinneleg linjedommar som hadde tatt car heilt frå Banyo!
Reservekeeperen til Meiganga måtte i elden alt i første omgang. Om hanske-i-bukse-strategien var så veldig lur, er det nok delte meiningar om...
Etter draktene å dømma, har også Meiganga fått tak i brukt utstyr frå Europa.
laurdag 7. mai 2011
Slange ville inn på verandaen...
Ein ca 40 cm lang slange av ukjent art prøvde i går føremiddag å komma seg inn på verandaen vår. Forsøket blei oppdaga av vår alltid like årvåkne hagemann, Gilbert, som jo har førstehandserfaring med slangar frå før...
Heldigvis er det ei lita trapp opp til verandaen som slangen ikkje klarte å forsera. Og Gilbert fekk like etter gjort kort prosess med eit velretta slag over nakken.
Harald Solås opna kjeften på utysket og konstaterte av det hadde hadde eit par små hoggtenner. Men verken Harald, Phillip, Gilbert eller andre som såg slangen, kunne seia om det var ein giftig art.
Vaktmeister Phillip kom innom og fortalde oss om "slangefunnet" i engelsktimen. Dermed blei det eit raskt sceneskifte til naturfag - ute - attmed søppelholet kor Gilbert hadde lagt slangen.
Engelsktimen blei til naturfag for Jone, Erle og Pauline.
Slangen ligg på loket til søppelholet.
Til vår store overrasking bukta og vrei slagen framleis på seg, fleire minutt etter nakkeslaget. Det var nok muskelkramper, men likevel fascinerande å sjå slangekroppen i rørsle - ein liten filmsnutt her:
Abonner på:
Innlegg (Atom)

















