laurdag 4. desember 2010

Solbjørg Pilskog 80 år

Solbjørg Pilskog fekk flotte klesplagg av perefolket, her representert ved prest Bakari Etienne.
Laurdag 4. desember runda kamerunmisjonær Solbjørg Pilskog - frå Hareid - 80 år. Og kva var vel meir naturleg enn at det var perefolket, som hareidsdølen har jobba med og blant i ei årrekkje, som stelte i stand festen.

Den norske kontingenten var også invitert til feiringa som fann stad i Ngaoundéré, nærare bestemt i lokala til skuleadministrasjonen til Den evangelisk-lutherske kyrkja (EELC).

Perefolket hadde laga til tradisjonell festmat til ære for jubilanten. Her var både karpefisk og kylling, kosskoss og steikebananer. I tillegg fekk ho overrekt flotte klesplagg, i tillegg til mange gode ord. Dei norske gjestene bidrog også - med kakemat og helsingar.

Bakari Etienne, pensjonert prest i Gadjiwan - kor Solbjørg har sin base - kunne fortelja om ei dame som med stor kjærleik utøvde - og utøver - sine sjukepleiar- og misjonæroppgåver på Peresletta. - Og ho kjem igjen og igjen, noko som er litt av ein prestasjon i seg sjølv, når me veit kor dårleg vegen frå Ngaoundéré er, sa Bakari.

Solbjørg har sidan 1998 reist for eiga rekning til Kamerun. I oktober, like sikkert som tørketid følgjer regntid, kjem Solbjørg til Gadjiwan i vinterhalvåret. I tørketida er vegane framkommelege både for vaksinering og evangelisering, begge deler ein like naturleg del av Solbjørg sitt virke og vitnesbyrd.

Når festlighetene er over i Ngaoundéré for denne gong (for me håpar jo på fleire runde feiringar:-), drar Solbjørg strake vegen heim til Gadjiwan. Der ventar sjukestova og medarbeidarane hennar. "Daada maanga", som er fulani for "den store mor" som mange kallar henne, veit at oppgåvene framleis er mange og store. Og ho har tenkt å yta det ho kan, så lenge ho har krefter og helse til det.

Me sluttar oss til gratulantane og ser fram til 90-årsfeiringa!

Då perefolket baud opp til ringdans, lét ikkje Solbjørg seg be to gonger!

Solbjørg omslutta av kamerunske og norske venner.

Etter ha ha sunge Joyeux anniversaire til jubilanten, var det tid for lysblåsing.

fredag 3. desember 2010

Svar frå Alexander McCall Smith


Han har selt meir enn 42 millionar bøker. Historia hans om Damenes detektivbyrå er blitt regissert av ein Oscar-vinnande regissør. Og han er følgeleg ein kar det ikkje utan vidare er lett å få kontakt med.

Stor var derfor overraskinga då Alexander McCall Smith – i eigen person – tok seg tid til å svara på spørsmål frå elevane ved Den norske skulen i Kamerun.

Dei siste vekene har storskulen (5., 6. og 8. trinn) hatt leseprosjekt med bokserien om Damenes detektivbyrå som tema. Undervegs kom ideen opp om å senda nokre spørsmål til McCall Smith. Me hadde vel ikkje store trua på at me ville få svar, men det var nå uansett god engelsklæring å formulera spørsmål til denne verdskjende forfattaren.

Me blei derfor litt himmelfalne då det låg ein e-post og venta på oss etter leirskulen på Mballang. Avsendar: Alexander McCall Smith. Mottakar: The Norwegian School in Cameroon.

Han avslutta mailen på denne måten: “Thank you for giving me the opportunity to answer your interesting questions” (takk for at eg fekk høve til å svara på dykkar interessante spørsmål).

Stor stas, sjølvsagt, og i går ettermiddag laga storskulen til ein ”pressekonferanse” på bokkafeen i biblioteket, der to av elevane var ”McCall Smith” og dei andre ”journalistar”. I e-posten fekk me også vita at han nå skriv på ei ny bok som kjem ut neste år. Den skal heita ”The Saturday Big Tent Wedding Party” (Laurdagens store teltbryllaups-fest). Handlinga i bokserien er lagt til Botswana, eit land McCall Smith kjenner svært godt, og som på mange felt liknar på Kamerun.

Me tar me nokre av spørsmåla og svara her (på engelsk). Heile serien med 24 spørsmål og svar er å finna på Den norske skulen sin blogg, http://www.dns-kamerun.blogspot/:

Why did you start with the No. 1 Detective Agency?

I thought that basing the books in a detective agency would give plenty of
opportunity for new characters to walk through the door. My books are not
really crime novels, but are more to do with the problems which people
have in their lives.

When did you get the idea?

I got the idea for the books while visiting friends in Africa. I saw a
woman chasing a chicken in her yard. This woman, who was wearing a red
dress, impressed me with her cheerfulness and her dignity, and I thought
then that I would one day write a short story about her. Many years later
I sat down to write such a story - and Precious Ramotswe was born.

What are you working with when you are not an author?
I was, for many years, a Professor of Medical Law at the University of
Edinburgh - but I wrote books at the same time.

How old are you?

I am 62 years old.

Where do you live?

I have lived in Edinburgh, in Scotland, for most of my adult life. I was
born in Africa, in what is now Zimbabwe, and spent my childhood there.

Do you have any hobbies besides writing?

Yes, I play the bassoon, very badly, in an amateur orchestra called The
Really Terrible Orchestra!

What do you think about when you are writing?


I'm not sure! I actually tend to go into a trance when I am writing, and
the words come out very easily.

Do you know anybody who is like Mma Ramotswe?

I have met many people like Mma Ramotswe in Botswana - women who share her
cheerfulness and generosity of spirit.

Why do you write books?


I think I write books because I have to. I can't stop the words coming out.

Are you famous?

I don't feel as if I am famous, but many people come to my events when I
do my book tours. I sometimes get recognised at airports!

torsdag 2. desember 2010

Pappa har bursdag!


Pappa har bursdag i dag - og har fått opptil fleire ønskje oppfylt...

1. Feltseng - sånn at han kan liggje litt komfortabelt når han skal på motorsykkeltur med overnatting i broussen.


2. Teikning av M/S Havanna ført i penn og fargestiftar av Henrik


3. Kylling, steikte middagsbananer og peanøttsaus til middag.


Han har elles feira dagen med bokkafé og bibelgruppe - god servering begge plassar og jubilanten er difor godt nøgd. Og så må ikkje PS2-fotballkampen mot Jone gløymast. Til tross for sin høge alder vann han!

PS: Matmor Esther var sågar uti hagen og plukka inn ein fin bukett med blomar til ære for pappen i huset.

onsdag 1. desember 2010

Slike studentar vil me gjerne ha!

Gunn Helen og Kåre Gilje frå Gilja og Universitetet i Stavanger har hatt lærarpraksis i fem veker ved Den norske skulen i Ngaoundéré nå i haust. Og det har vore eit særdeles hyggeleg bekjentskap både for oss lærarar, elevar og etter eige utsagn også for dei to.

På biletet er dei framfor Tellofossen, ca. ein times kjøring frå Ngaoundéré, på veg til leirskule i Meiganga. Det som kanskje sit best igjen frå akkurat den turen, ikkje minst i studentmiljøet i Meiganga, er den fabelaktige fotballspelaren frå Norge (Kåre) som skåra to mål i "landskampen" mellom Kamerun og Norge som enda 2-2.

Me ved DNS er storleg imponerte over den innsatsen, kunnskapen, fleksibiliteen og kreativiteten Gunn Helen og Kåre har lagt for dagen under praksisopphaldet. Sjølv om det berre er to snaue veker sidan dei reiste, er dei alt saknelege. Heldige er dei elevane som får dei to til lærarar.

Og me ved DNS seier gjerne ja takk og amen til andre praksisstudentar av det kaliberet!

tysdag 30. november 2010

Daud sau til tørk


Nokre tradisjonar er for gode til å gi avkall på, også i utlendighet under Afrikas sol. Det skal likevel ikkje leggjast skjul på at det til tider kan vera ganske utfordrande å vera vaskeekte norsk nordmann frå Norge, men me gjer nå så godt me kan.

Ta for eksempel pinnakjøt. Det må me jo berre ha på bordet julaftan. Men her finst korkje Fatland eller Nordfjord eller Gilde eller kva dei nå heiter, pinnakjøtleverandørane i gamlelandet. Då er det ikkje anna alternativ enn å gå på marknaden sjølv og kjøpa inn det som trengst for å få det til; altså ein sau.

Som sagt så gjort. På veg ut til Mballang trefte me ein kar på motorsykkel som hadde eit par sauer til sals. Dette var nokre veker før muslimane sin store sauefest, så me fekk dei til ein nokså god pris (trur me). I overkant av 400 kroner for ei jømmer (halvanna år gammal søye) er til å leva med, sjølv om sauene her er både mindre og tynnare enn heime.

Etter nokre veker på gras attmed vulkansjøen på Mballang, var det tid for slakt. Dette fann me ut ville vera ei ypparleg økt i naturfag og mat&helse, så heile skulen blei med når dei firbeinte skulle til pers. (Det er på tide at dei får vita korleis kjøtet kjem på bordet...).

Harald Solås, kjøpar av den andre sauen og habil slaktar, leia seansen. Før både sauer og elevar visste ordet av det, hadde dei (sauene, altså) fått eit solid svimekakk i hovudet av øksa, og flåinga kunne starta.

Vaktmannen (og ein medhjelpar) på Mballang tok føre seg den eine sauen, medan Harald og elevane tok seg av den andre. Det blei utveksla nokre slaktetips på tvers av språk- og kulturgrensene den neste timen. Noko var likt og anna ulikt. Men alle var samde om at skarpe knivar frå Helle og Norge var å føretrekkja framføre machete og andre lokale kuttreiskapar.

Medan me norske forsvann med dei to saueskrottane bak i den eine Landcruiseren, fekk vaktmannen og familien skinna og innmaten. Det meste blir brukt når sau, geit og okse blir slakta i Kamerun.- Nå blir det sauefest hjå oss også! jubla dei, og sikta til muslimane som hadde feira sauefest dagen før.

Nå blir det skikkeleg fest på oss også, nå som pinnakjøtet mest er i boks. Etter ti dagar i saltlake, hang me i dei fleste delene til tørk i går kveld. Berre nakkar og lår får nokre dagar til i saltvatnet før dei blir overletne til tørketida.

Daud sau til tørk, dét er kanskje det næraste me kjem norsk førjulsstemning i Kamerun!
Slik såg dei ut med ull og det heile.
Pinnakjøtsjefen Harald Solås er salig i blikket.

Mykje kjøt og lite fett.

Sau i deler.

Parteringskunstnaren i sving...

Ingenting å seia på verken tørk eller temperatur, kl 19 i går kveld.

Et voilà! Det ramlar jo faktisk ikkje ned!! Men kva skulle me gjort utan myggnett og rokkeringar?

Full konsentrasjon før opphenging i det sofistikerte tørkeanlegget vårt.
(NB! Her må ingen tipsa Mattilsynet, dei blir jo opphengde i så mykje, dei òg...)

søndag 28. november 2010

Ny biskop i Ngaoundéré

André Djedou (t.h.) blir innsett som regionbiskop av nasjonalbiskop Nyiwé Thomas (t.v.).
I midten: Denis Bétaré Ndoé, dagens liturg.

André Djedou blei søndag føremiddag innsett som biskop i Sentralregionen i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (EELC). Det blei ein høgtidleg seanse i Tusenårskatedralen i Ngaoundéré. Blant anna var guvernøren i Adamawa-regionen til stades. Det same var samtlege prestar i EELC som soknar til dette bispedømmet, i tillegg til eit tusental andre gudstenestegjengarar.

Det har vore en del uro knytt til denne innsettinga. Blant anna blei det utført hærverk på lydutstyr og anna i Tusenårskatedralen for eit par dagar sidan. Førebels veit ein ikkje kven som står bak, men det har bidratt til ei spent stemning i førekant av det som skulle vera ein stor festdag. Faktisk er det ikkje gudstenester andre stader i dette bispedømmet idag, dette for å gi bispeinnsettinga ei eksklusiv ramme.

Frå norsk hald har misjonsprest Tom Tomren vore sterkt delaktig i utforminga av gudstenesta. Representant Erik Bischler skulle også ha ei helsing på vegner av NMS. I tillegg dukka tidlegare misjonsprest Jan Erik Askjer ganske så uventa - men desto meir gledeleg - opp, og han deltok i utdelinga av nattverd. I skrivande stund er ikkje gudstenesta heilt ferdig, men ut frå det som eg (Trond) fekk med meg, blei det ein velregissert og verdig seanse. Ikkje minst heldt nasjonalbiskop Thomas Nyiwé ei flott preike.

Her er nokre fleire bilete:


Forbønshandling for den nye biskopen.

Det blei etterkvart mykje folk i den flotte Tusenårskatedralen.

Etterpå vanka det gratulasjonar frå høg og låg til André Djedou.

Tom Tomren deler ut nattverd saman med kollega Alix Elogo.

Jan Erik Askjer var også med på nattverdutdelinga.

NMS-representant Erik Bischler fekk plass på fremste benk.

fredag 26. november 2010

Skorpion på leirskule


Autsj! Ein skorpion kom ut av bålet. Den fekk snart eit ublidt møte med glørne.

Å ha leirskule på Mballang, på kanten av vulkansjøen, det er ganske kult det!
I ettermiddag var det ein glad og trøtt gjeng som kom tilbake til Ngaoundéré etter å ha opplevd både skorpion og sjokoladebanan....

Her er eit lite utdrag frå Amalie sin "rapport" som ho skal senda heim til venninner:

I dag kom me heim i frå Mballang, ein liten plass ved sida av
Mballang –sjøen, ein vulkansjø. Sjøen er full av bakteriar som
øydeleggjar hjernen og hjertet, så me kunne ikkje bade der,
men i staden tok me båten ut til Slangeøya (Den hemmelighetsfulle øya).
Det er ei lita øy som ligg nære kanten på andre sida av sjøen. Og etter mange turar fram og tilbake, var det godt å sette seg ved bålet.
Der steikte me grillspyd og bananar med sjokolade, nam.
Alle var litt forsiktige når dei satt seg med bålet den kvelden, for
kvelden før hadde det komme ein stor skorpion kravlande ut av
bålet, men me greidde å drepe han og setje han på eit glas.
Utanom det så gjekk leirskulen ganske udramatisk for seg.

Under er nokre fleire bilete frå turen. God helg til alle!


I mangel på akebakke og snø...


Båten er nå tett som ei potte, litt silikonfugemasse gjorde susen.


Skovask på Mballang-vis.


Fiskelukke utan fiskelukke...

Mr. Strongman slår til igjen.


Overnatting i bukkarouen, med utsikt over innsjøen,


Grasbrann og Mballang, fin utsikt for Amalie - i retning Ngaoundéré.
Kanoen blei flittig brukt både til vanns og til lands.