Ei lita pressemelding frå våre skriveføre jenter i 8. klasse (om at Den norske skulen i Kamerun i år berre har nynorskelevar) får spalteplass i stadig fleire medier; nå sist Bergensavisen, Sunnhordland, og http://www.framtida.no/. Frå før har Nordhordland, Dagen Magazinet, Vårt Land og http://www.nms.no/ gitt plass til denne meldinga. Ein kuriositet, sjølvsagt. Men heller ti kjekke kuriositetar enn ei ny elendeskildring frå Afrika, er nå vår meining. For ordens skuld: Det kjem tidsnok litt sukking og stønning på denne bloggen også, vil me tru. Men det får bli ein annan dag, med ein annan farge. God helg!
fredag 1. oktober 2010
tysdag 28. september 2010
Klart for ein heilt vanleg dag
Klokka er kvart over sju onsdag morgon. Det er klart for ein heilt ny dag her i Kamerun.
Jone og Henrik inntar frukosten ved spisebordet, Jofrid smører seg niste på kjøkkenet og på badet gjer vår nyslåtte tenåring seg klar for å møta verda utanfor, onsdag 29. september 2010.
Ein heilt vanleg kvardag for oss i Ngaoundéré ser om lag slik ut:
Kl 7: Frukost
Kl 0730: Skulestart for dei to eldste og pappa i huset
Kl 8: Mamma og Henrik går på jobb og i barnehagen
Kl 1015: Storefri på skulen under mangotreet (sesongen har ennå ikkje starta, men me får likevel fersk frukt kvar dag). Her kjem gjerne Henrik og dei tre andre barnehageungane for å eta nista si også. Eit av dagens høgdepunkt.
Kl 13: Middag - nærast eit "hellig" tidspunkt her på misjonsstasjonen i Ngaoundéré!
Kl 13-15: Tradisjonelt ei tid for siesta - men dei eldste får gjerne unna leksene då, og pappa tar seg ei økt på skulen
Kl 16-18: Ei god tid for å få unna arbeid og fysiske sysler; då slepp varmen taket litt etter litt.
Kl 1830: Mørket fell som eit teppe over byen.
Etter dette er det faste "programmet" vanlegvis slutt.
Men særleg ein ting må nemnast spesielt: Er det tysdagar, startar barneklubben opp kl 16 og varer til 19. Den er det dei to jentene i 8. trinn, Marianne og Amalie, som står for. Eit kjempetiltak! Ungane som går i klubben må betala ei lita avgift, og overskotet skal gå til eit aidsprosjekt.
Elles susar dagane av stad med alle dei aktivitetane som ikkje kan festast i ein timeplan. Men det får bli ein annan gong, for nå ringjer skuleklokka!
måndag 27. september 2010
Bææææ
Bææææ! Saman med familien Solås har me gått til innkjøp av to sauer som skal bli til herleg pinnakjøt når det stundar mot jul. Handelen blei gjort på laurdag medan me var på Mballang, ca 20 km utanfor Ngaoundéré. Dei skal få gå og beita på Mballang til midten av november. Då blir det slakting som ein del av leirskuleopphaldet for elevane ved skulen. Namn har dei ikkje fått endå. Kanskje like greitt å lata dei forbli namnlause, når gryta ventar der framme om eit par månader...:-) Sauene kosta ca 450 kroner per stykke. Det er snakk om halvanna år gamle søyer, til info for spesielt interesserte...
laurdag 25. september 2010
På fisketur i vulkanen...

Det er ikkje kvar dag ein kan seia å ha vore fisketur i vulkanen, men idag er det jammen santen ikkje langt unna. NMS disponerer eit enkelt, men flott feriehus ved kanten av Mballang-sjøen. Denne innsjøen har fylt igjen det som for svært lenge sidan var eit vulkankrater. Me (Harald Solås og Trond) hadde med oss jegaren og kjentmannen Roger på turen. Han kunne fortelja - med glimt i auget - at ingen nokon gong har kunna måla djupna av Mballang-sjøen. - Ein gong kom ein amerikanar her og hadde med seg 1000 meter med line. Men same kor langt han søkkte tauet nedi vatnet, så ville det ikkje ta botn, sa han. Om det er sant eller ikkje, aktar me å finna ut når skulen skal ha leirskuleopphald på Mballang i midten av november. Me får satsa på å ta med oss 1500 meter med sterk sen... Av fangstresultat kan nemnast at Harald fekk tre karper (to av dei var rett nok små, men likevel) og underteikna ingen. Men eg var god til å ro, og trur de ikkje me fekk start på påhengsen som var der ute også. Motoren var nok i betre stand enn båten, for då me kom til land var vassnivået innabords faretrugande høgt. Trur ikkje det blir båttur med elevane i den farkosten, nei...
God helg!
torsdag 23. september 2010
"Løysing" på dagens dilemma
Ok, her er "løsyinga": Eg valde å gi den 14 år gamle skuleguten dei 500 kronene for at han skulle få behalda skuleplassen sin, slik eg skreiv om for eit par dagar sidan. Ikkje har eg fått sjekka med skulen han går på om historia er sann, ikkje har eg komme i kontakt med personar som kan gå god for han. Og eg handlar på tvers av det som er vår felles, uskrivne policy. Men eg valde å la tvilen komma han til gode og følgja det som Drillo yndar å kalla "magekjensla". Han virka så overbevisande (eller så er det kanskje berre eg som er lettlurt?) Vel, vel - det får det bli opp til Vårherre å vurdera om det var rett eller gale. Uansett er det ikkje mange kronene for oss nordmenn, men for folk i denne delen av Kamerun er det ei trekvart månadsløn...
Takk til de som har kommentert dilemmaet, anten på e-post eller i kommentarfeltet på bloggen!
Takk til de som har kommentert dilemmaet, anten på e-post eller i kommentarfeltet på bloggen!
onsdag 22. september 2010
Projet rentable
Gruppa bak kyllingfarmprosjektet, frå venstre: Géneviève, Maximilien, Dandi, Alice, Avon, Philomène, Sarah og Modibo (førenamna). I bakgrunnen bygningen som skal husa 200 kyllingar.
I ettermiddag besøkte me eit såkalla "projet rentable". Det var leiinga i ungdomsrørsla i kyrkja, JEELC, som inviterte oss opp til ein av dei nye bydelane i Ngaoundéré - Mbamyanga - der dei hadde kjøpt ei tomt og sett opp eit enkelt hønsehus. "Projet rentable"? spør du kanskje. Jau, det er eit prosjekt som skal gi avkastning. Ungdomsrørsla håpar at oppdrett av kyllingar - fortrinnsvis til kjøtproduksjon - skal gi klingande mynt i ei elles slunken kasse. Nå er det langt frå alle "projet rentable" som gir avkastning, så dei har eit langt lerret å bleika - ungdommane - før dei er komne så langt at kyllingfarmen kastar av seg. Men me har lyst til å ønska all muleg lykke til på vegen. For det er iallfall ein ting som heilt sikkert; det blir inga avkastning for den som ikkje prøver. Den 3. oktober er det offisiell opning, vonaleg med 200 fjortendagars gamle kyllingar på plass!
tysdag 21. september 2010
Gå til mauren og bli vis...
...heiter det. Heime hjå oss er det motsett; me treng ikkje å gå til mauren - den kjem til oss. I strie straumar. Her ein kveld strødde me litt sukker på kjøkkenbenken. Målet var å knipsa dei brune, flittige gjestene våre på nært hald. Og ganske rett. Morgonen etter stod det to krabatar og svaia i sukkerrusen. Eg fekk tatt to-tre raske bilete før dei oppdaga faren og pilte av stad ned i ei glipe som det finst mange av på kjøkkenet vårt. Mange slags gjester har me også. Kakerlakkar er ikkje eit uvanleg syn, og på rommet til Amalie har ei firfirsle installert seg. Folk som har budd i dette huset før, har jamvel hatt besøk av slangar. Me får håpa at dei held seg unna. I sist veke blei det tatt ein ny slange i hagen vår. Den andre på halvannan månad. Kva type det var, veit me ikkje. For då me skulle sjekka det ca 40 cm lange kadaveret, hadde mauren (ja, han er flittig) forsynt seg så grådig alt, at skinnet var ugjenkjenneleg. Men heller ein flittig maur enn ein giftig slange!
Abonner på:
Innlegg (Atom)













