onsdag 10. november 2010

Nytt på slangefronten


Ein 30 cm lang kobra har brukt blomsterbedet vårt til eit aldri så lite hamskifte. Det var hageguten vår, Glibert, som oppdaga skalet. Kor slangen har tatt vegen, er ikkje godt å seia. Men Gilbert er nok ekstra på vakt nå når han skal luka blant blomane; det er ikkje meir enn eit par-tre månader sidan han blei biten av ein kobra og måtte ha motgift.


Og så må me ta med oss ein nydeleg liten skapning som plutseleg stod og lufta seg i bassenget i ettermiddag. Kroppen ser ut som eit bøygd mangoblad, og storleiken er mest som ein liten mobil.

Harald (Solås) var ikkje meir skvetten enn at han lot "bladdyret" få ta seg ei kroppsvandring frå hand, via nakke til toppen av hovudet. Kva slags insekt/dyr det er snakk om, skal me prøva å finna ut.

PS! Det er førebels ikkje heilt avklara om det var ein grøn mamba me tok bilete av på Ngaoundéré-toppen eller ikkje. Det kan også ha vore ein ufarleg slange som lever i trea og som liknar mykje på mambaen. Men me jobbar vidare med saka :-) 

tysdag 9. november 2010

Var Tarzan i Tello?

Jone tar ein slurk av Tellofossen, men her er det ikkje mykje som smakar av Tarzan.

Okei, bakgrunnen er denne: Det går ei hardnakka historie om at ein Tarzan-film skal ha blitt spelt inn i og ved Tellofossen, eit fantastisk fossefall eit stykke utanfor Ngaoundéré.

Søndag var Den norske skulen i Tello på veg til Meiganga på leirskule. Kunne det vera at einkvan som budde der kjente til historia? Men, nei. Korkje evangelisten i Tello eller andre hadde høyrt om det. Det einaste dei kunne fortelja, var ein myte om ein slags guddom (Ramona) som budde i hølen med diamanten sin. Spennande nok det, men ingen Tarzan.
Svusj! før me veit ordet av det svingar det seg ein atletisk ung herremann frå eit tre. Det må då vera...er det ikkje...

...nei, det var visst bare lærar Harald som leikte apekatt. Ja, ja. Då blei det ingen Tarzan på oss denne gongen. Og etter å sjekka på diverse nettstader som tar føre seg innspelingsstader for Tazan, er det heller tvilsamt om Tellofossen har vore location for denne jungelens gentleman.

Ein fin tur til Meiganga blei det likevel: Først gudsteneste og fossebesøk i Tello søndag, så kongebesøk og marknadssnoping i Meiganga måndag. Same kveld "soirée créative" saman med ein heil gjeng på presteskulen (ein gjeng som for øvrig fekk taket til å løfta seg med songen sin!). Før me idag avslutta med skulebesøk og heimreise til Ngaoundéré.

Ein trøtt og glad gjeng kom tilbake til Ngaoundéré like før klokka seks nå i kveldinga, medan ein familie (Tomrens) skal vera ein dag lenger i samband med undervisning på presteskulen. Takk både til Tomrens som la til rette for leirskulen - og til presteskulen som tok så hjarteleg imot oss.

Det var ei kjekk oppleving! Her er nokre glimt:

Gudstjeneste i Tellefossen menighet.

Svalt råk frå Tellofossen.

Frå venstre: misjonsprest Tom Tomren, presteskulerektor Jean Koulagna og laamiidoen i Meiganga.

24 store og små har vore på leirskule i Meiganga frå søndag til tysdag denne veka.

Landskampen mellom Kamerun og Norge (med eit par hundre på "tribunen") enda 2-2. Det er alt varsla omkamp...

Småskulen ved DNS framførte ei dramatisering av "Reven som gjetar" føre ein stappfull sal på presteskulen måndag kveld. Flott og tøft gjort!

fredag 5. november 2010

Gratulerer, bestefar!

Eg har kjøpt ein bondehatt til deg, lik den eg har på hovudet. Den skal eg senda til Norge så snart eg kan. Eg tenkte at du kan bruka hatten når det er sol, og når du skal stia sauene. Håpar du får andre fine presangar på 75-årsdagen din idag.

Jone og Amalie helsar og. Det same gjer mamma og pappa. Du må helsa til bestemor og Bob. Eg gler meg til å treffa dokke igjen.

Helsing Henrik

Huset i Gambara

Han kunne ikkje skjula kor stolt han var, Alexandre, då han fredag ettermiddag kom innom oss. - Nå er huset vårt mest ferdig. Kom og sjå! Saman med Trond drog dei med motorsykkelen til Gambara, eit sørleg område av bydelen Burkina. Der, fint plassert i ei skråning på ei ganske avskjerma tomt, dukka det flotte huset til Alexandre opp.


Nå er det rett nok litt feil å kalla det "Alexandre sitt hus". Han har i desse dagar nemleg betalt brudeprisen, slik at hans utkåra - Fadimato - også må reknast som huseigar. Planen er at huset skal bli innflyttingsklart neste onsdag (10. november). Då vil dei be presten komma nedom for å velsigna både hus og samliv.

Etter tradisjonen (begge er av diifolket) er dei gift når brudeprisen er betalt. Og når presten har fått sagt sitt, er dei klare til å leva som ektepar. Sjølve bryllupsfesten vil dei venta med, til huset står heilt klart og dei igjen er i stand til å leggja av litt pengar.

Alexandre og Fadimato er svært takksame til dei som på ulike måtar har bidratt til både hus og "dotte" (kanskje somme av dei les bloggen?).
Flott såg det iallfall ut der i Gambara - og me kan ikkje anna seia enn lukke til med både hus og ekteskap!

torsdag 4. november 2010

Posten kjem fram...trur me


Iallfall har me den siste tida fått ikkje mindre enn to takkekort i posten. Det eine frå dåpsbarnet Kaia og foreldra Anita og Tom i Stavanger. Det andre frå konfirmanten Hanne på Bømlo. Tusen takk!


Få ting slår det å kikka på ein uopna konvolutt som har klart å komma seg velberga fram, heilt frå Norge til Ngaoundéré. Ein kan e-posta, fjesboka og blogga så mykje ein vil, det er liksom noko anna å kunna halda informasjonen i nevane, kjenna tyngda av papiret og luktene det har fanga opp undervegs.

Når me trur at posten kjem fram, skuldast det enkelt og greitt at me slettes ikkje veit om det er andre brev og pakkar som er sendt og som er blitt borte undervegs. Det hender jo, og det kamerunske postvesenet er kanskje ikkje heilt skuldfri når slike ting skjer...

Særleg når folk skal senda pakkar, er det lurt å senda oss ein...eh...e-post, så veit me iallfall at me kan ned på postkontoret å røkta etter frå tid til annan.

I mellomtida får dei to takkekorta heidersplassen på skjenken. Kor lang tid dei har brukt på vegen, veit me ikkje. Men korta er iallfall eit synleg prov på at posten til tider kjem fram.

onsdag 3. november 2010

"Den feite ugla har ikkje spist"


I dag hadde Henrik sin aller første forrektige fransktime. Lærar var Clément Djidéré, som nok fleire av dykk kjenner frå tida som utvekslingsstudent på Tau. Rett nok har Henrik lært eit par franske barnesongar av passedamene Lucienne og Emilienne, bl a den som er nemnt i tittelen - "Le gros hibou n'a pas mangé", men i dag var altså startpunktet for det som vonaleg kan bli litt meir organisert språklæring.

Fransktimen i dag blei gjennomført under eit mangotre medan Henrik, Elise (Slettbakk) og Ask (Huseby Solås) spelte "Gjett kven". Clément, som den dyktige pedagog han er, nytta høvet til å smetta inn nokre gjett-kva-gloser på fransk, så det heile gjekk bokstaveleg tala som ein lek. Nå kan bl a Henrik seia briller på fransk (lunettes), og det er jo greitt å kunna for ein som har slike på nasetippen.

Det er kjekt å kunna litt fransk når ein bur i Kamerun. Også for dei minste ungane og passedamene som treng å kommunisera om dette og hint i løpet av dagane. Kommunikasjon er jo alltid lettare når ein snakkar same språk...

Til slutt ei gjengiving etter hugsen av barnesongen "Le gros hibou n'a pas mangé"
(Betyr: Den feite ugla har ikkje spist - kva nå det betyr...):

Le gros hibou n'a pas mangé
Regardez son ventre
Le gros hibou n'a pas mangé
Regardez ses yeux
Hibou, hibou, hibou la, la
Regardez son ventre
Hibou, hibou, hibou la, la
Regardez ses yeux

San!

måndag 1. november 2010

Herrenes detektivbyrå

Kyllingar av denne typen (gjerne nokre veker eldre) er det me jaktar på. Har nokon sett snurten av dei, eller har andre tips i saka, kan de bruka kommentarfeltet nedst i denne artikkelen.

Oppdrag:
Ein kyllingfarm med ca 250 fjærkre er sporlaust forsvunne. Eller rettare sagt: Svært få (ingen?) har nokonsinne sett kyllingane.

Mistenkte: Hmmm...

Motiv: Har nokre teoriar, men kan ikkje gå ut med dei på det nåverande tidspunkt.

Vanskelegheitsgrad: På ein skala frå 1 til 10 ligg nok denne saka på ein god 7er.

Bakgrunn: Kyllingane skulle ha komme for ein månad sidan. Så langt står hønsahuset og ruger for seg sjølv. Dette prosjektet er omtala tidlegare i denne bloggen i artikkelen Projet rentable.

Som dei fleste andre "projet rentable" ser heller ikkje dette ut til å kasta særleg av seg - så langt, vel og merka. Det kan jo henda dei dukkar opp, kyllingane. Men finst det ugler i mosen, eventuelt i hønsaskiten, så skal me saktens grava dei fram.

"Den forsvunne kyllingfarmen" blir sak nummer 1 for det nyetablerte Herrenes detektivbyrå. Me (foreløpig berre ein, men han har gode assistentar) har ikkje andre arbeidsredskap enn ein halvgod motorsykkel (nigeriansk fabrikat), eit fotoapparat (japansk) og litt sunt bondevet (frå indre Ryfylke).

Så får tida visa om det er nok for å komma til botnars i saka. Eller om det heile botnar i ei misforståing...

Fortsetjing følgjer!