fredag 20. august 2010

Skuleklokka ringjer!

Med Tottenham-slips og finskjorte kunne me onsdag ringja inn til den første skuledagen i Kamerun. Det blei ein fin dag der både elevar og lærarar blei betre kjende med kvarandre og med skulen. Fotoseanse blei det også tid til; både gruppebilete med alle ni elevane - og med alle inklusive oss vaksne med.
Nå stundar det mot helg her i Ngaoundéré. Jofrid, Henrik og eg skal ein tur ned i byen for å visa eittåringane Marit og Benjamin litt rundt. Bytting av gassflasker og matinnkjøp står på programmet. Og kanskje nokre grillspyd med oksekjøt marinert i peanøttsaus...(Jofrid sin favoritt:-) Kva helga vil bringa, veit me ikkje ennå, men det kan godt bli ein tur til Koma-landsbyen, sørvest av Ngaoundéré. For neste fredag drar heile DNS Kamerun opp der for å vitja landsbyen og elevane på skulen, og då er det greitt at dei veit at me kjem. God helg til alle!

tysdag 17. august 2010

Skulestart!

I morgon skjer det; Den norske skulen opnar dørene for skuleåret 2010/2011!
Dagen i dag har gått med til planlegging og klasseromrydding. Bøkene er også komme på plass, det aller meste på nynorsk. Det nye av dette året er at alle ni elevane har nynorsk som hovudmål, trass i at det står i vedtektene til DNS at det er ein bokmål-skule...Me syslar derfor med planar om å senda ut ei pressemelding til Dag & Tid, Nationen og andre nynorskmedier om at nynorsken inntar stadig nye bastionar, nå sist DNS i Kamerun:-)

I kveld er det utrygt å sitja med dataen kopla til straumnettet. For ute glimtar det støtt og stadig i lyn som flerrar regntidsmørkret. Eit syn - og ei lydoppleving!

Medan Henrik, Jofrid og eg skal innta kveldsmaten, har Jone og Amalie tatt turen opp til eittåringane Benjamin og Marit for å spela Alias og Amigos. Det blir sikkert stas!

Då er det berre å ønskja elevar og lærarar lukke til med skulestarten i morgon - og med resten av skuleåret.

A demain!

søndag 15. august 2010

Gitarist på gudsteneste

I dag var eg og Harald Solås på fulanigudsteneste i sjukehuskapellet. Klokka åtte møtte me opp, og medan folk fylte opp kyrkjebenkane, song Maïgari Alex flotte lovsongar på fulani. Her er ein smakebit:
Er han ikkje dyktig? Eg har telefonummeret dersom nokon vil hyra han til speleoppdrag...:-)

fredag 13. august 2010

Fulani-dåp i Ngaoundéré

Onsdag morgon tok NMS-representant Erik Bischler med alle dei nye norske utsendingane for å helsa på kyrkjeleiinga i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (EELC). Etter andakt, song og presentasjonar var det ein av prestane i EELC som tok ordet: - Fredag blir de alle invitert til dåp. Då er det ein fulani som skal døypast.

Klokka åtte i dag tidleg traska eg av stad til EELC-hovudkontoret. Dette ville eg få med meg. Det er ikkje ofte folk frå fulanistammen, som dei aller fleste er muslimar, blir døypte. For det er eit stort steg å ta. Mange blir utstøytte frå familien sin og gjort arvelause, om dei konverterer. Andre blir utsett for grov vald - og jamvel drepne. For ikkje så lenge sidan vart ein annan kristen fulani drepen av klanen sin, fordi han valde å la seg døypa. På grunn av faren for represaliar valde EELC å gjera dåpen så diskret som muleg i samband med morgonandakten på hovudkontoret.

Den unge mannen blei døypt. Namnet hans kan eg ikkje skriva, av omsyn til hans sikkerhet. Dåpen blei ein stilfull seanse på klingande fulani. Biskopen i EELC, Nyiwé Thomas, var også til stades. Etterpå var det applaus og varme handtrykk til den døypte.

Elles byrjar livet her i Ngaundéré å komma inn i ein slags rytme. Denne veka har gått med til innføringskurs (for alle vaksne) og skuleplanlegging (for Trond og dei to andre lærarane på Den norske skulen). Skulestart blir onsdag 18. august. Det gler med oss til! Håpar også dei ni elevane ser fram til skulestart, sjølv om dei gjerne skulle ønskt at ferien varte nokre veker til...

I huset har Atta Esther (kokka vår) tatt regien. Ho bestemmer middagsmenyen kvar dag, så me er like spente kvar gong me set oss til middagsbordet klokka 13 (presis) for å sjå kva godt ho har laga til oss. I dag var det nydeleg kylling med saus og ris. I forgårs var det poteter, kjøtkaker og brun saus. Og i går hadde ho forsyne med trylla fram heimelaga iskrem!

Me lir med andre ord inga naud i matvegen. For nokre dagar sidan kom det ein jegar på døra med ein bakpart av antilope. Og i dag klarte Esther å få tak i ein stor kapteinfisk (sjå biletet - Henrik syntest iallfall fisken var knallstor:-).



Den skal fileterast i morgon - og skal nok gi oss ein fem-seks middagar i vekene framover.

Nå ser store og små fram til helg. Det har vore ein hektisk, men god start. Dersom ikkje den lunefulle regntida vil noko anna, tar me sikte på å bestiga Ngaoundéré-fjellet på søndag. Det er landemerket her i byen. Ngaoundéré betyr "navlefjellet" på språket mbum. På toppen står det ein stor stein som liknar på ein struttenavle, derav namnet.

PS! Eit lite bonusspor til slutt; ein filmsnutt tatt med kameraet ut togvindauga like før me kom fram til Ngaoundéré sist søndag. Gir iallfall ein liten smakebit av korleis togturen var!

tysdag 10. august 2010

To skritt fram og eitt tilbake

To skritt fram og eitt tilbake. Det får vera ein førebels diagnose av tilstanden i Ngaoundéré og Kamerun anno 2010 i forhold til 2003. Førsteinntrykka fortel kanskje ikkje heile sanninga, og nyansane er det så som så med - men noko seier dei likevel.



På tilbakeskrittskontoen:
1) Flyplassen i Ngaoundéré er stengt for rutefly. Konsekvens: Tungvint å reisa frå sør til nord, og vice-versa. (På biletet er det dei to eittåringane Marit Fauskanger Pedersen og Benjamin Røen som trekkjer litt frisk luft på den 16 timar lange togturen fra Yaoundé til Ngaoundéré).
2) Måtte senda nokre fraktlister til Yaoundé med fax (ja, du leste rett!) idag. Konsekvens: 17 av 20 sider kom fram, mottakaren hadde då gått tom for papir. Men nå skal visst tønnene og bøkene til Den norske skulen snart vera på veg.
3) Det er framleis svært vanskeleg å finna seg arbeid. Konsekvens: Stadig fleire startar med sin eigen kommers, om det er sal av peanøtter eller elektroniske artiklar frå Nigeria. Tiltakslysta er det iallfall ikkje noko å seia på!

På framstegskontoen:
1) Internett blir stadig meir utbygd - i store delar av landet. Sit sjølv og bloggar på ei linje med god adsl-hastighet. Konsekvens: Det er kjekt å blogga når farten er god;-)
2) Tryggleikssituasjonen er betre. Konsekvens: Å dra på lalengre reiser for å utforska Kamerun, blir endå kjekkare.
3) Kyrkja (Den evangelisk-lutherske - EELC) ser ut til å veksa med uforminska styrke. Ikkje berre i Adamaoua-provinsen, som tradisjonelt har vore EELC sin "heimebane", men i store delar av Kamerun. Konsekvens: Det er stort behov for leiartrening og organisasjonsutvikling, for det er jo slik når noko veks fort; det blir veksesmerter.

Og søppelet som er borte frå gatene i Ngaoundéré nemnde eg i forgårs. Men det er ikkje eit framsteg - meir som eit middels stort mirakel å rekna...

søndag 8. august 2010

Godt å vera tilbake

Det har gått sju år sidan me var i Kamerun som familie sist. Ikkje så lang tid, kanskje, men mykje har endra seg på desse åra. Mest merkbart er fråveret av søppel. Medan ein før måtte svinga utanom stinkande båshaugar i vegbanen, framstår nå Ngaoundéré som ein innbydande by med sitt mylder av fotgjengarar, motorsyklar og tallause handelsboder - det heile presentert på så å seia gullreine vegar.

På sjølve stasjonsområdet der me skal bu, er det derimot ikkje skjedd store endringar. Det einaste er at me skal bu i eit anna hus enn sist - elles er det meste ved det same. Aller kjekkast er det å få helsa på gamle kjente, så som vaktmeister Philip og brødbakaren Soulange.

For Jone og Amalie har det nok vore ein spesiell dag å kjenna lukter og høyra lyder som gir gjenklang ein stad i minnet. Dei seier sjølve at dei ikkje hugsar stort (var fire og seks år då me reiste til Norge), men det vil nok komma nokre "déjà vu"-opplevingar etter kvart. Også for oss vaksne er det litt spesielt å vera tilbake som familie på ein stad der dei to eldste hadde dei fleste av sine første barneår. Her er det mange gode minne som poppar opp. Det blir nok tur til Kaffisteinen med det første - eit ynda turmål i "gamle dagar".

I morgon kjem kokka vår, Esther, for å hjelpa oss med matlaging og husreingjering. Me gler oss til å helsa på henne igjen - og til å få så god hjelp i huset. For oss vaksne byr morgondagen på innføringskurs (det har skjedd ein del administrative endringar på feltet som me må få med oss), medan ungane skal ha aktivitetsdag.

Nå er det på tide å runda av for kvelden. Har nokre timar med svevn å ta att etter togturen (sjå biletet som Amalie tok av den trøtte gjengen) og då er det greitt å komma i seng før midnatt...

Vel framme i Ngaoundéré

Litt før klokka ni var ein tre dagars reise frå Tau via Stavanger, Oslo, Brussels og Yaoundé kommen til ein ende. Gleda var stor då me skimta Ngaoundéré-toppen frå togvindauga (bildet er tatt før avgang frå Yaoundé) og me kunne gå ut av kupéane etter femten timer på skinner. I det heile har heile turen gått på skinner. Då me kom fram til huset me skal bu i, og kor eg skriv dette innlegget frå, stod det blomar på bordet. Nå skal me ha oss ein middag saman med resten av reisefølget på i alt 17. Lenger rapport kjem i kveld:-)
Trond