I morgon skjer det; Den norske skulen opnar dørene for skuleåret 2010/2011!
Dagen i dag har gått med til planlegging og klasseromrydding. Bøkene er også komme på plass, det aller meste på nynorsk. Det nye av dette året er at alle ni elevane har nynorsk som hovudmål, trass i at det står i vedtektene til DNS at det er ein bokmål-skule...Me syslar derfor med planar om å senda ut ei pressemelding til Dag & Tid, Nationen og andre nynorskmedier om at nynorsken inntar stadig nye bastionar, nå sist DNS i Kamerun:-)
I kveld er det utrygt å sitja med dataen kopla til straumnettet. For ute glimtar det støtt og stadig i lyn som flerrar regntidsmørkret. Eit syn - og ei lydoppleving!
Medan Henrik, Jofrid og eg skal innta kveldsmaten, har Jone og Amalie tatt turen opp til eittåringane Benjamin og Marit for å spela Alias og Amigos. Det blir sikkert stas!
Då er det berre å ønskja elevar og lærarar lukke til med skulestarten i morgon - og med resten av skuleåret.
A demain!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar