fredag 13. august 2010

Fulani-dåp i Ngaoundéré

Onsdag morgon tok NMS-representant Erik Bischler med alle dei nye norske utsendingane for å helsa på kyrkjeleiinga i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (EELC). Etter andakt, song og presentasjonar var det ein av prestane i EELC som tok ordet: - Fredag blir de alle invitert til dåp. Då er det ein fulani som skal døypast.

Klokka åtte i dag tidleg traska eg av stad til EELC-hovudkontoret. Dette ville eg få med meg. Det er ikkje ofte folk frå fulanistammen, som dei aller fleste er muslimar, blir døypte. For det er eit stort steg å ta. Mange blir utstøytte frå familien sin og gjort arvelause, om dei konverterer. Andre blir utsett for grov vald - og jamvel drepne. For ikkje så lenge sidan vart ein annan kristen fulani drepen av klanen sin, fordi han valde å la seg døypa. På grunn av faren for represaliar valde EELC å gjera dåpen så diskret som muleg i samband med morgonandakten på hovudkontoret.

Den unge mannen blei døypt. Namnet hans kan eg ikkje skriva, av omsyn til hans sikkerhet. Dåpen blei ein stilfull seanse på klingande fulani. Biskopen i EELC, Nyiwé Thomas, var også til stades. Etterpå var det applaus og varme handtrykk til den døypte.

Elles byrjar livet her i Ngaundéré å komma inn i ein slags rytme. Denne veka har gått med til innføringskurs (for alle vaksne) og skuleplanlegging (for Trond og dei to andre lærarane på Den norske skulen). Skulestart blir onsdag 18. august. Det gler med oss til! Håpar også dei ni elevane ser fram til skulestart, sjølv om dei gjerne skulle ønskt at ferien varte nokre veker til...

I huset har Atta Esther (kokka vår) tatt regien. Ho bestemmer middagsmenyen kvar dag, så me er like spente kvar gong me set oss til middagsbordet klokka 13 (presis) for å sjå kva godt ho har laga til oss. I dag var det nydeleg kylling med saus og ris. I forgårs var det poteter, kjøtkaker og brun saus. Og i går hadde ho forsyne med trylla fram heimelaga iskrem!

Me lir med andre ord inga naud i matvegen. For nokre dagar sidan kom det ein jegar på døra med ein bakpart av antilope. Og i dag klarte Esther å få tak i ein stor kapteinfisk (sjå biletet - Henrik syntest iallfall fisken var knallstor:-).



Den skal fileterast i morgon - og skal nok gi oss ein fem-seks middagar i vekene framover.

Nå ser store og små fram til helg. Det har vore ein hektisk, men god start. Dersom ikkje den lunefulle regntida vil noko anna, tar me sikte på å bestiga Ngaoundéré-fjellet på søndag. Det er landemerket her i byen. Ngaoundéré betyr "navlefjellet" på språket mbum. På toppen står det ein stor stein som liknar på ein struttenavle, derav namnet.

PS! Eit lite bonusspor til slutt; ein filmsnutt tatt med kameraet ut togvindauga like før me kom fram til Ngaoundéré sist søndag. Gir iallfall ein liten smakebit av korleis togturen var!

1 kommentar:

  1. Forstår at dåke har det godt. Forslag: ta kokka med heim til Norge...ho kan få lage middag her hos oss.... SÅÅÅÅ spennande med dåp. Håpar han klarar kampen. Tankevekkar å høyra kva konsekvensar trua får andre stadar i verda.... Her har me hatt ein fantastisk fin sommardag i dag. Ønskjer dåke ei god veke. Soltunvn 5b

    SvarSlett