søndag 3. april 2011

Litt drivstoff for ei ny veke

Detaljutsal av bensin, parafin og diesel. På brukt emballasje, som matoljeflaskene fremst.

- Mallam, eg vil gjerne snakka litt med deg.

Jofrid og eg står midt i helgeoppvasken då den unge fulanien kjem på døra.

"Å snakka" er som regel einsbetydande med å be om pengar.


Eg tørker av meg på hendene og me set oss på benken ute, som me gjer så ofte når det kjem folk på døra for "å snakka". Etter dei vanlege fulanihelsingane, som gjerne tar eitt minutt eller to, kjem historia hans. Me kan kalla han "Ibrahiim":

- Eg er blitt tatt hand om av folka på radioen (Sawtu Linjiila) etter at eg blei kristen. Men nå har eg ikkje nokon jobb. Då eigaren av gateverkstaden, der eg jobba, såg at eg ikkje ba slik som muslimar gjer, fekk eg sparken.

- Eg har leita overalt etter ny jobb, men ingen vil ha meg. Det er ikkje lett å vera kristen mekanikar når mest alle verkstadeigarane er muslimar.

Heime har han ei ung kone som heller ikkje har arbeid. Barn har dei ikkje. Likevel; det trengs midlar til hushaldet.

Men Ibrahiim er ikkje den som gir opp. For å skaffa pengar vil han selja bensin til motorsykkeltaxiane i byen. Så han ber om eit lån på 10 000 Fcfa (ca 120 kroner), slik at han får ein startkapital på 20 liter bensin.

- Kor mykje vil du tena på det? spør eg då eg gir han pengane.

- ca 1700 fcfa (20 kroner), svarer han.

- Nå skal eg selja bensin på dagtid, og gå på franskskule på kveldstid. Målet mitt er å få plass på ein bibelskule til hausten, og då må eg kunna nok fransk. Sjukehuspresten har hjulpe meg med pengar til franskkurset, fortel han.

Det kjem fleire som Ibrahiim på døra i løpet av ei veke. Som så ofte er det vanskeleg å vite kven som er "verdig trengande" og kven som er "luringar".

Ibrahiim har greie referansar, blant anna sjukehuspresten, så me gir han eit lite lån, sjølv om me ikkje kjenner han særleg godt.

Så når ei ny veke nå startar opp, er det med eit nytt lite bensinutval ein eller anna stad langs dei støvete Ngaoundéré-vegane. Grønn væske i brukte matoljeflasker.

Det er bare å beundra pågangsmotet til folk som Ibrahiim. Og kanskje la oss smitta litt av ein slik stå-på-vilje når me skal kasta oss ut i kvardagen igjen.

Me ønskjer alle ei fin veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar