søndag 17. april 2011

Bispefest i Garoua


På kyrkjetrappa etter innsettinga. Telessam Adolphe med ein N på bispekappa.
Nasjonalbispen Thomas Nyiwé til høgre for han.

Saman med 1222 andre (ja, alle blir talt med på gudsteneste i Kamerun) fekk Trond med seg ei storslått bispeinnsetting idag. Telessam Adolphe heiter den nye - og første - biskopen i den nordlegaste regionen til Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun.

Det blei masse pomp og prakt, slik det gjerne blir når kamerunarar steller i stand til fest. Høgdepunktet var då alle 1223 (minus ein nokså pinglete nordmann) song og dansa i ein stadig meir intens og rytmefull seanse. Taket letta og blei blåst til himmels. Sånn kjentest det iallfall ut. Då går i grunnen fem og ein halv time fort...

Biskop Adolphe har mellom anna tatt mastergraden sin i Stavanger på Misjonshøgskulen, så nokre av dykk kjenner han kanskje frå den tida (2002-2004).

Elles er det rimeleg varmt i Garoua for tida. Over 40 grader i skuggen i helga og høg luftfuktighet. Sveitten rann i strie straumar under bispefesten. Heldigvis klarte eg å lura med  innhalvannan liter vatn, så det blei litt påfyll midt oppi væsketapet. Kleda var så blaute etter dei fem og ein halve timane at eg kunne vri dei.

Derfor var det godt å komma til Ngaoundéré og kjenna den friske lufta etter det lette regnet som har falle i dag. Ikkje store mengder, visstnok, men nok for å kjøla ned lufta for ein stakkar etter bispemaratonen i Garoua.

Kjekt var det også å ha lag med Jean Claude Hamadjam på vegen heim. God drøs og gode maissekkjøp gjorde at dei 280 km gjekk som ein røyk, sjølv om bilen me hadde mangla air condition...

I juni skal kona til Jean Claude, Evelyne, forsvara oppgåva si på sjukepleiarskulen. Me er inviterte til Garoua for å bli med på feiringa. Det blir i så fall vår siste tur til nord i denne omgang. For tida går så altfor fort; om to månader er me heime i Norge igjen.

Festen er i ferd med å ta av...

...mens sjåføren av denne lastebilen nok ikkje kan ha hatt det særleg festleg. Kontaineren låg på andre sida av vegen. Det ser ut som om kjøretøyet har blitt kasta rundt etter å ha mista det eine framhjulet.

2 kommentarer:

  1. Hallo Trond Hjorteland

    Las for nokre veker sidan om Sawtu Linjila, og ynskjet om å forlege radiomasta, til ein kostnad av berre 4000 kroner. Ka er vel 4000 kroner for ein normann, eller rettare sagt for 4 normenn?
    Me spleisar på dei 4000 kronene. Er der eit prosjektnummer som beløpet skal merkast med? Skal me bruke det vanleg NMS bankkontonummeret?

    God påske med helsing frå Inge Kaldhol

    e-post: soningka@frisurf.no

    SvarSlett
  2. Hallo Inge Kaldhol! Så kjekt at de tende på tanken om å forlenga masta. Det er det fleire andre som har gjort også, slik at pengane alt er i boks. Men viss de framleis vil støtta radioarbeidet (og pengane kjem verkeleg godt med!) vil eg gjerne utfordra dykk (og andre) til å merka innbetalinga med 521308 og betala til NMS sitt kontonr 8220 02 85030. Pengane går då til prosjektet Gi evangeliet vidare kor Sawtu Linjiila er den største mottakaren.
    Ønskjer dykk ei velsigna påske!
    Trond Hjorteland

    SvarSlett