Dåpsbarnet Laliga Trond Samuel saman med "maraine" Jofrid.
I dag blei Laliga (som er stammenamnet hans på samba) døypt under påskedagsgudstenesta som var på sjukehuset. Me (Jofrid og Trond) var fadrar og heile familien blei inviterte heim til foreldra Phillip og Emilienne.
Phillip, som er vaktmeister på skulen, har ein gut frå før (Meyer, ti år) som han fekk saman med si første kone Christophe. Ho var passedame for Jone og Amalie dei tre første åra våre i Kamerun, og det var ei stor sorg for oss alle då ho brått døydde i august 2002.
Phillip gifta seg året etter med Emilienne, men det har ikkje lukkast før nå - nær ni år seinare - å få ein ny verdsborgar inn i familien.
Og av alle dagar i året, er vel ingen betre enn påskedag til å feira livets seier over døden. Jofrid bar Laliga til døypefonten medan prest Doudet Luc utførte dåpshandlinga. Ei stor oppleving både for foreldre og fadrar.
Heime hjå Phillip og Emilienne i Burkina var det flott oppdekking med maiskosskoss, steikebananar, pistasjesaus, røykt fisk og brus. Vener og naboar kom stadig innom og tok del i festmåltidet, som blei avslutta med bøn for den nydøypte.
Me vil med dette ønskja alle ei velsigna påske!
Phillip, dåpsbarnet og mor Emilienne under gudstenesta.
Stolte passejenter ville gjerne ha sin del av Laliga.
Namnebrødre, men der stoppar også likskapane...Amalie tygg popcorn i hjørnet.
Brødrene brothers knaskar i seg smultboller og andre godsaker.
Bordet er dekka til dåpsfest.
Vel heime igjen blei det opning av påskeegg for Henrik og søskena. Ein stor del av innhaldet er det familien Madlands som har besørga. I kveld drar dei heim til Norge etter to veker i "gamlelandet" Kamerun. Kjekt besøk både for oss norske og dei mange kamerunarane som har eit forhold til Astrid, Bjarte, Kristin og Elias.
Heisan!
SvarSlettDa var vi tilbake til hverdagen i Norge, i alle fall fysisk. Hodet er vel ikke helt på plass ennå, men det kommer vel etter hvert. TAKK for hyggelig samvær med dere alle fem, og for god hjelp med det ene og det andre! Og ikke minst for fantastisk safari, en absolutt højdare. Lykke til med innspurten - vi gleder oss til å se dere til sommeren! Klem fra Astrid & co.
Kjekt å ha dokke her! Og takk for bokkjøp og diverse transporttjenester. Håvene lande vel litt itte litt...:-) Tenkte eg sko legga ut nåken safaribilder i løpet av dagen, viss nette virke og himmelen e fri for lyn. God helg!
SvarSlettTrond