Jubelbrølet kunne sikkert høyrast heilt nord til Sahara; om drotten var god bar det kanskje heilt til Europa. Det gjekk iallfall ikkje stilt for seg då Inter Milan (Burkina-utgåva av laget - Burkina er ein bydel i Ngaoundéré) vann feriecupen i fotball etter ein durabeleg finale mot motstandarlaget frå den "norske" bydelen, quartier norvégien. Sidan me dagleg har lånt ut vår Adidas-fotball til denne turneringa (den ballen er visst god), blei faren i huset invitert til å ta avspark og helsa på alle spelarane før kampen. Det syntes han jo var stas. Etterpå var det å innta ærestribunen som bestod av tre kvite plaststolar saman med resten av VIPane; ein representant for bydelssjefen frå Quartier Norvégien (ein muslim med namn Souleymanou) og tannlege Oumarou Salomon. Medan heftige rytmar dunka ut av ein alt ferdigsprengd høgtalar, måtte det straffespark-konkurranse til for å skilja dei to laga. Det stod 0-0 etter ekstraomgangar, og i straffethrilleren var det altså Inter Milan som trakk det lengste strået. Dette var finalen i noko som blei kalla feriecupen. Arrangør har vore ei lokal KRIK-liknande gruppe som høyrer til ungdomsarbeidet i kyrkja her. Eit flott tiltak som skulle kronast med fotokavalkade på storskjerm i den gamle stasjonskyrkja nå i kveld. Her er nokre av bileta som vil bli viste:
Laget frå quartier norvégien:
Laget frå quartier norvégien:
Inter (ikkje frå Milan) men frå Burkina:
Mørk mold tente som linjemarkering:
Yaggoné gjorde ein god jobb som dommar:
Keeperen til quartier norvégien ryddar opp i stor stil:
Del to i keeper-opprydding:
Det siste og avgjerande straffesparket - biletsekvens:
Så glade kan ein bli av ein fotballseier: