torsdag 14. oktober 2010

I skuggen av eit teaktre

Dette er eit baobabtre, altså...

Det er ikkje så mange slags syslar som er aktuelle når temperaturen har passert 35 grader i skuggen - og framleis er på veg oppover - enn å sitja i skuggen under eit tre. Me er i Maroua, den nordlegaste storbyen i Kamerun, og har funne oss skugge under eit teaktre på campen der me bur. Jofrid og Amalie har tatt med seg nokre andre i reisefølget på den store, tradisjonelle marknaden i byen. Me andre ser på fuglar, har gøymeleken eller legg inn nokre nye ord på bloggen i mellomtida. Dette er nest siste dag på vår haustreise i Nord-Kamerun. Me drar sørover mot Garoua og Ngaoundéré i morgon. Treng nok helga til å vaska klede og fordøya inntrykk - før det er kvardag og ny arbeidsveke på måndag. Legg ved nokre bilete frå dei siste par dagane på tur.
Eselfrakt i Kapsiki.


Vevar i Romsiki.

Pottemakar i Romsiki...

...og pottene

Ein stolt pottekjøpar (pluss ein hatt).

Den lokale mølla i Romsiki - kor hirsen blir til mjøl.

tysdag 12. oktober 2010

Spektakulære Romsiki



Plutseleg fekk me nettdekning her i Romsiki i Nordvest-Kamerun! Då må me nytta høvet til å leggja ut nokre bilete frå det som somme meiner er verdas mest spektakulære fjellandskap. Etter eit døgn her må me mest seia oss samde. Straumen får me frå eit aggregat. Kor nettdekninga kjem frå, veit kanskje berre Vårherre, men me takkar og bukkar. Me har nett inntatt eit herleg måltid med kylling, ris, pommes frites og spaghetti på Campement de Rhumsiki, kor me bur. Etablissementet ligg nydeleg til i lia tvers ovafor grensa til Nigeria og den høgaste toppen her i Kapsiki-distriktet - Zivi. Idag gjekk me faktisk til Nigeria, alle kjempers fødeland - også mamma Jofrid sitt fødeland. For første gong sidan returen i 1973 sette ho sine kvite bein på nigeriansk jord. Artig! I morgon ber det vidare til Maroua, den nordlegaste storbyen i Kamerun, så ber det sørover til Ngaoundéré torsdag eller fredag.
På framkomstmiddelet skal storfolk kjennast

Kongen på haugen


Kvifor er husbonden så beskyttande?

Amalie og Jone måler krefter med Kapsiki - og toppen Zivi.

Zivi



Baobaben klorer seg fast i Kapsiki også, som så mange stader i Afrika elles.

Om me fekk møtt Eto'o på fotballkamp? Det skal me fortelja meir om i eit anna innlegg... 

torsdag 7. oktober 2010

Haustferie med landskamp i fotball

Kanskje, bare kanskje, skal Kamerun sitt landslag og superstjerna Eto'o bu på same hotell som oss i Garoua.
I norsken fekk Jone i oppgåve å skrive eit brev om kva han skal gjera i haustferien. Han valde då å skriva til klassen sin på Tau (6A), og med samtykke frå forfattaren publiserer me brevet her på bloggen vår:

Til 6A

Me skal til Garoua, Maroua og Romsiki i haustferien. Det er nord for Ngaoundere, der eg er nå. I Garoua skal me sjå ein landskamp mellom Kamerun mot Kongo. Eg håper Kamerun vinn. Me skal bu på eit hotell  i Garoua. Pappa seier at me kanskje kommer til å kjøre 100 mil på heile turen. Frå Ngaoundere til Garoua til Maroua og til Romsiki og tilbake igjen til Ngaoundere. Me skal kjøre gjennom savannar, då håper eg at me får sjå løver og andre dyr. I Maroua skal me besøke eit kjempestort marknad der dei sel blant anna sablar (ein slags type sverd ) og masse anna. Og der skal me bu i ein leilegheit. I Garoua er det veldig varmt. Nokon meiner til og med at Garoua er verdas varmaste by. Natt og dag er det av og til over 30 grader.

I Romsiki er det veldig spesielle fjellformasjonar. Me skal gå ein tur til Nigeria ( mamma blei født i Nigeria ). Bare å gå over grensa då. Me skal og gå på ein fjelltur. I Romsiki er det veldig høge fjell. På det hotellet me skal sove på i Garoua, skal kanskje Kamerun sitt landslag og sove på eller Kongo sitt landslag. Bare kanskje. Det hadde vert tøft.

Helsing Jone

PS: Kva skal de gjere i haustferien?

tysdag 5. oktober 2010

Lyden av rennande sisterne om morgonen

Ei syngande sisterne. Illustrasjonsfoto.

Gløym sikadane sin song, gløym saftig mango i tørketida og gløym motorsykkelfridom på savannestiar: Få ting (akkurat i dag - ingen!) slår lyden av ei rennande sisterne om morgonen. Det skal ikkje meir enn to dagar utan vatn før ein kan slå fast det. Samstundes som ein undrar seg over korleis folk klarer seg med rennande vatn i kranen. Kanskje ikkje så dum erfaring å ta med seg, når ein veit at vatn blir ein stadig meir verdifull og knapp ressurs på denne kloden vår?
 Me var heldigvis så framsynte at me hadde ei tønne med vatn ståande i tilfelle vasstans. Men mange ting blir så mykje meir tungvint. Og ein dusj om morgonen kan me berre sjå langt etter. Det trudde me også var tilfellet i morges, der me låg og kvidde oss til kattevask med klut i kaldt regntidvatn. Heilt til sisterna byrja å synga den vakraste song av dei alle; nå er vatnet tilbake!

søndag 3. oktober 2010

Diamantfeber

Utvinninga av diamantar skal nå starta ved Mintom, søraust i Kamerun (sjå kart).
I 2007 hevda kamerunske styresmakter (ifølgje tidsskriftet Jeune Afrique) at dei hadde gjort eit funn av det som truleg er verdas største urørte diamantførekomst i den austlege regionen av landet. Nå, i midten av september, er funnet blitt stadfesta ved at eit kalklag på ca 350 millionar kubikkmeter er blitt avdekka, eit kalklag som visstnok skal skjula eit ukjent tal med diamantar - fortsatt ifølgje Jeune Afrique. Nå har styresmaktene bestemt at det skal etablerast ein stort anlegg for produksjon av klinker, som er ein naudsynt bestanddel i sement. Kamerun har per idag to sementfabrikkar, men begge er avhengige av importert klinker for å kunna produsera. Men med funnet av diamanter blir det altså nye tider. Under uroen i Kamerun i 2008, var det blant anna dei høge sementprisane demonstrantane reagerte på. Prisane er framleis høge, men med klinkeranlegget trur økonomiminsteren, Christian Abolo, at prisane vil gå ned og at diamantgruvene vil gi "enorme arbeidsmuligheter" for kamerunarar. I same rennet har styresmaktene vedtatt å leggja asfalt på ein av vegane i området, nemleg mellom Sangmélima og Ouesso (sistnemnde stad ligg i Kongo). Så får me berre håpa at diamantane finst der dei skal finnast. Og at sementprisane går tilstrekkeleg ned til at vanlege folk får råd til skikkelege husvære. Då kan det berre vera godt med ein liten dose diamantfeber:-)

laurdag 2. oktober 2010

Bavianar liker ikkje croissantar

I dag fann me ut at bavinanar (blant anna den på biletet) ikkje liker croissantar. Eksperimentet blei spontant og uvitenskapeleg gjennomført på veg til Garoua. Hypotesen var at bavianar er altetande, og viss det stemmer, ville dei sikkert ha ein croissant med smør. Målet var sjølvsagt å lokka dei ned frå greinene og ut i vegen slik at me kunne foreviga våre nære artsfrendar på nært hald. Dette siste gjekk forsåvidt etter planen; nokre av bavianane kom ut or buskaset, men snudde like fort då dei såg kva me hadde kasta ut til dei. Hypotesen blei dermed avkrefta, og me slår med eit visst empirisk grunnlag fast at bavianar likar ikkje croissantar!
For øvrig blei turen til Garoua ei påminning om at det skjer mange ulykker på denne strekninga. Nokre bilete under vil understreka det. Men turen blei også ei stadfesting av at Kamerun er eit land i stor endring. Mange stader såg me sveitte manneryggar grava grøfta der fiberkabelen frå sør til nord skal gå. Den skal sikra hurtig og stabilt internett over store delar av landet. Det er kinesarane som står bak, sjølvsagt. Kina har nå eit stort engasjement i Afrika, ikkje minst i Kamerun. Det er blant anna Kina som står bak den fabelaktige søppelhandteringa i Ngaoundéré. Kva dei krev i gjenyting for desse tiltaka, vil nok framtida gi svar på. Her er nokre glimt frå laurdagens tur-retur, Ngaoundéré-Garoua, gjennomført av Harald og Trond, og med Anne Karin Kristensen og Sigurd Haus som hyggeleg reisefølge eine vegen:
 
Her har nok sjåføren tydd til siste bremsealternativ ned falaisen mot Dii-sletta; å skrubba lastebilsnuten mot murkanten. Ulykka må nok ha skjedd i morgontimane laurdag. Me veit ikkje om det var personskadar.
Fiber til folket! Det blir grove og grove langsetter store delar av traseen frå Ngaoundéré til Garoua. Eller som Senterpartiet ville ha sagt det: Breiband til distrikta!

 Her har nok ikkje sjåføren av kassebilen sett lastebilen som stod parkert i vegkanten, og i stor fart brast inn i denne. Følgjene må ha vore fatale.
Med ein croissant i munnen, men det varte ikkje lenge...
Tussi stod langs vegen, men Ole Brumm var nok opptatt med honningjakt.
Afrikansk idyll.

Like a bridge over troubled water...

36 grader i skuggen og desse sprekingane langar ut med gode bører på hovudet attmed Benoué-floden, like utanfor Garoua.

Det har komme mykje regn i nordlege delar av Kamerun i år, og Benoué duvar breiare og meir vassrik enn kva eg nokongong har sett henne før.

Me fekk kjøpt oss flotte graskar i nærleiken av Gamba. Pris: Ca 12 kroner for to store eksemplar.

I mangel på vaskemaskin og tørketrommel...

Siste solglimt laurdag den 2. oktober 2010 på diisletta...

fredag 1. oktober 2010

Nynorsken på hogget i Afrika


Ei lita pressemelding frå våre skriveføre jenter i 8. klasse (om at Den norske skulen i Kamerun i år berre har nynorskelevar) får spalteplass i stadig fleire medier; nå sist Bergensavisen, Sunnhordland, og http://www.framtida.no/. Frå før har Nordhordland, Dagen Magazinet, Vårt Land og http://www.nms.no/ gitt plass til denne meldinga. Ein kuriositet, sjølvsagt. Men heller ti kjekke kuriositetar enn ei ny elendeskildring frå Afrika, er nå vår meining. For ordens skuld: Det kjem tidsnok litt sukking og stønning på denne bloggen også, vil me tru. Men det får bli ein annan dag, med ein annan farge. God helg!