Nei, dei blei ingen løver denne gongen. Men påskesafarien hadde mykje anna å by på, ein lettbeint krokodille til dømes, foreviga av Jone rett nedanfor hytta der me budde.
I staden for kvikklunsj, skiturar og kakao, blei det elefantar, takgrindturar og kald drikke i Boubandjida denne påska. Temmeleg varmt på dagtid, 40-45 grader i skuggen, og det blei sagt at varmen var grunnen til at løvene heldt seg i skjul.
Men ei uforgløymeleg naturoppleving var det, og veldig kjekt å reisa på tur saman med familiane Solås og Madland!
Her er eit lite fotopotpurri frå utfluktene våre i påska (og eit par bilete frå ein tur i januar):
Bubale (Klara Ku...)
Civette (kom smygandes om kvelden rett nedanfor campementet)
Damalisque
Eland de Derby (kan bli over 900 kg tung - den største antilopetypen i området)
Elefantmor og -barn
Sjiraff
Marabou (som kan ha eit vingespenn på nær 2,5 m)
Dyretransport som me møtte på veg heim til N'déré
Cob de Buffon
Cob des roseaux
Cob Defassa
Guib harnaché
Ourébi (eller Bambi, som me kallar han...)
Bambi i farta (knipsa av Amalie frå biltaket)
Bubalar som knovast
Bavian
Batelleur (trur eg...men blir gjerne korrigert:-)
Hesteantilope (hippotrague)
Singe Rouge (raud apekatt på norsk)
Vortesvin