søndag 20. juni 2010
Tid for tønner
Den siste veka har me pakka så mykje me kan av kler, sko, tannkrem, leiker, datautstyr og mykje, mykje meir som me skal senda som flyfrakt. Stova vår har til tider sett ut som ei blanding av prøverom, Claes Ohlsson og ein rotete garasje...Tysdag var me på Kverneland utanfor Sandnes og henta blå plasttønner til å pakka i. Berre velvilje hjå Sandnes Ullvare (som nå heiter Sandnes Garn) då me spurte etter tønner. Takk for god service! Planen er å få sendt ca 160 kilo med bagasje eit par veker før me sjølv tar vengene fatt. Henrik (snart fem) kunne nok godt ha tenkt seg ei tønne til å leika med. Han får trøysta seg med at tønnene (forhåpentleg) er på plass når me kjem til Ngaoundéré. Der kan dei tena både som leikehytte og oppsamlingsreservoir for regnvatn.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar