søndag 27. juni 2010

Kamerunsk midtsommarfest

I går fekk me besøk av gode kamerunvenner og feira midtsommarfest til langt på kveld. Sjursens på seks personar kom med båt frå Karmøy, medan Gramstads (fire denne gongen) og Sundnes Drønens (fire) bila seg høvesvis frå Ålgård og Stavanger.

Sommarfesten er blitt ein årleg happening for oss tidlegare kamerunmisjonærar som bur i rogalandsområdet, og som var i teneste i åra rundt årtusenskiftet. I tillegg til den endå meir tradisjonsrike julefesten i den Sundnes Drønenske heim på Våland, har også me mannfolk ein viss kontakt gjennom misjonsforeninga Soobaajo og andre meir røykfylte samkome.

Kjekt å halda kontakten på denne måten, både for barn og vaksne. På bildet er det Mikael som er rask fart tilbake til fastlandet etter ein forholdvis kort dypp i Bjørheimsvatnet (kanskje 12 grader). Neste år har Sjursen sagt at dei vil arrangera sommarfest, så då får me satsa på å komma oss heim frå Kamerun i tide:-)

1 kommentar:

  1. Hei alle saman!

    Skal seia de har proffe nettsider, og så mange fine bilde. Fornøyeleg å lesa om kameratjuven Henrik. Håpar det går bra med deg Jofrid, såg du låg i senga med malaria.

    Denne helga skal familien til Norheimsund og besøka Øystein. Det er foreldrehelg der oppe. Gutane og Geir skal stå i eit skitrekk på Kvamskogen medan Øystein og eg går på ulike infomøte laurdagen. Søndagen står alle i trekket, er planen. Då kan Øystein få vist oss nokre telemark-kunster. Han får opplæring i dette to gonger i veka no, og storkosar seg.
    Ha ei fin helg, alle saman i Kamerun. Beste helsing Heidi og co på Sand.

    SvarSlett